Hopp til innhold

Gler seg til vegopning

DALEN (NRK): Fredag opnar endeleg vegen mellom Eidsborg og Dalen etter raset i desember. For dei som arbeider på «feil» side av raset, tyder det slutten på fire månader med kreative løysingar for å kome seg til og frå jobb.

Riksvei 45 Eidsborgberget

RAS: Her raste vegen ut natt til 23. desember i fjor. No gler folk seg til vegen opnast att.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Det har vore ein spesiell vinter for dei tilsette på Vest-Telemark museum i Eidsborg. Natt til 23. desember gjekk det eit stort ras i ein sving i Eidsborgberget og vegen blei stengt for all trafikk.

– Vi ser verkeleg fram til at vegen opnar, seier direktør Dag Rorgemoen. Han er ein av dei mange som fekk ekstra lang arbeidsveg. Alternativet var å køyre om Åmot, ein omveg på nesten 100 kilometer kvar dag.

Les også: Fryktar for barnas liv langs denne skulevegen

«Feil» side

– Ein god del av staben her på museet bur på «feil» side av raset. Då har det blitt mykje ekstra logistikk og tid som har gått med for å kome seg til og frå arbeid, fortel han.

Museet har mista ein god del besøk og brukarar på grunn av den stengde vegen. Dermed har det også fått økonomiske fylgjer.

Dag Rorgemoen

Museumsdirektør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum har fått 100 kilometer ekstra arbeidsveg mens vegen har vore stengd.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Sidan januar har Dag Rorgemoen og dei andre pendlarar parkert bilen i svingen nedanfor raset. Forbi rasstaden er det bygd ei trapp slik at fotgjengarar kan kome seg trygt forbi og opp til den såkalla "Rui-svingen". Der har dei som vil fått lov til å fylgje skulebussen opp til Eidsborg.

Kreative løysingar

Men heim frå jobb har ikkje skulebussen passa med arbeidstida, då måtte det kreative løysingar til.

– I vinter var det raskast og sikrast med rattkjelke eller akebrett. Det hadde vi mykje moro med, seier han

Etter at snoen forsvann, var det å ta beina fatt eller å haike med vener. Langs vegen møtte dei ofte andre pendlarar som bruka sykkel eller gjekk. Nokon har også bil på begge sider av raset.

Gangbru riksveg 45 ved Eidsborgberget

Ei mellombels gangbru har vore einaste veg forbi raset.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Museumsdirektøren er veldig glad for at vegen ikkje blei steng i sommarsesongen.

– Då har vi hovudtrafikken på museet, for oss ville det ha vore ei stor krise. No er det veldig viktig at vegen opnar før trafikken over Suleskard startar, for den har stor tyding for aktiviteten og trafikken her.

Uroa for sommarsesongen

Anne Gundersen er også tilsett ved museet, og som tidlegare reiselivskonsulent i kommunen veit ho kor viktig vegen er.

– Det har vore den store snakkisen i vinter. I helgene har folk gått opp og sett korleis framdrifta er. Dei føler nok at dei har hatt argusauge på seg i vinter, seier ho.

Det har kosta nær 14 millionar kroner å reparere vegen som rasa ut. 3000 kubikkmeter lausmasse måtte køyrast vekk og det er støypt ein 10 meter høg støttemur. Men fredag 29. april kan bilane endeleg passere i Eidsborgberget igjen.