Hopp til innhold

Gleder dei eldre med dans

SKIEN (NRK): Dei som bur på Gulset sjukeheim får eit annleis danseshow når Emmi og Juba kjem på besøk.

Sjå hundane danse

DANS OG MORO: Stemninga var god da hundane dansa på Gulset sjukeheim.

– Eg elskar hundar. Det er ikkje utan grunn at dei vert kalla mennesket sin beste venn, seier Asbjørn Nilsen etter at hundane er ferdig med å danse.

Han var ikkje den einaste som tykte showet var stas. Fleire av bebuarane på sjukeheimen klappa og lo mens hundane glei rundt på dansegolvet.

– Eg tykkjer dei er så fine å sjå på, seier Anne Lise Grindheim.

Fleire av dei har vekse opp med dyr sjølv. Hundedansen får difor også nokon til å tenke tilbake til tida dei sjølv hadde hund.

– Eg hadde hunden min i 15 år. Da greidde den ikkje meir og me fann den livlaus på kjøkkengolvet. Det er trist, men slik er livet, seier Gerd Jensen

Det ligg mykje trening bak dansinga, og da er det ekstra stas å få syne fram resultatet.

– Veldig flott å syne fram kva hundane kan til eit så engasjert publikum, seier hundetrenar Eva Byrkjeland.