Hopp til innhold

Ambulansen sklei på glatta under utrykking

Det har vore fleire trafikkuhell på grunn av glatte vegar rundt om i landet. I Skien blei ein ambulanse skadd i samband med utrykking.

Skadd ambulanse

SKADD: Denne ambulansen greidde ikkje stoppe på dei glatte vegane.

Foto: Theo Aasland Valen

– Me er ute å strør for harde livet, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Stian Molteberg.

Sjølv om det har vore mildvêr, blei mange bilistar møtt av polerte vegar laurdag morgon. Årsaka til glatta er at det har fryse på enkelte stader, og regnet som trefte bakken blei til is.

Klokka 10:30 melde politiet om ei ulykke i Hardanger, der ein bil køyrde ut av vegen. Tre personar er involvert i ulykka og to av dei klagar over smerter, melder politiet.

I Mjøndalen køyrde ein bil i autovernet fordi det var glatt. Ingen blei skadd.

Ei kvinne er køyrd til legevakta i Bamble etter at ho køyrde i fjellveggen, da ho var ute å leverte aviser.

Ambulanse blei skadd

Dei glatte vegane fekk størst konsekvensar i Skien. Der er ein mann blei køyrd til sjukehus, etter å ha sklidd ut av vegen.

Innan naudetatane kom til staden hadde ein bil til køyrd ut av vegen. Ambulansen fekk også skader da den kom til ulykkesstaden.

– Ambulansen greidde ikkje å stoppe, og sklei inn i ein tredje bil som stod stille, seier operasjonsleiar Trond Egil Groth.

Etter eit par timar med strøing, og rydding blei vegen opna igjen.

Statens vegvesen vil halde fram å strø utover dagen i alle fylka.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark