NRK Meny
Normal

Gjerpen jublar etter å ha slått Molde

SKIEN (NRK): Gjerpen vant 31 -24 over Molde Elite i Skienshallen onsdag. Det var 1123 tilskodarar som kunne juble over siger i første kampen om å rykke opp i eliteserien.

Gjerpen vant mot Molde Elite

Gjerpen kan juble etter å slått Molde Elite med sju mål i den første kampen i kvalifiseringa til eliteserien i Skienshallen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Gjerpen har som målsetting å rykke opp i eliteserien først til neste år, men det såg ikkje slik ut i Skienshallen onsdag kveld. Til pause var stillinga 19–13 til Gjerpen.

Trenar Ketil Arntzen gav ros til heile laget etter kampen og var overraska over sigeren.

– Eg hadde trudd at Molde skulle vere litt betre enn det her. Men eg er også overraska over mitt eige lag som presterer så godt så seint i sesongen.

Hanne Toreskaas

Målvakt Hanne Toreskaas kåra til Gjerpens beste spelar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Målvakt Hanne Toreskaas blei kåra til banens beste for Gjerpen, og redda blant anna to straffekast.

– Når du kjem inn i godsonen er det lettare å ta hundre prosent sjansar, seier Toreskaas.

Kjipt å tape i Skienshallen

Leif Gautestad, Molde Elite

Skuffa etter tap mot Gjerpen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Trenar for Molde Elite, Leif Gautestad var naturleg nok skuffa etter å ha tapa kampen.

– Det var kjipt å tape med sju mål når du har ambisjonar om å vinne. I tillegg fekk vi ein av våre sentrale spelarar skada i første omgang, og det pregar kampen. Men Gjerpen vant fortent, seier Gautestad.

Strekspelar Isabell Blanco skaffa mange sju meter kast i kampen. Ho synest det var ein tøff kamp, men trur det er mogleg å slå Gjerpen i returkampen om ei veke.

– Det er fullt mogleg. Eg trur det er vi som lærer mest av denne kampen, seier Blanco.

Gjerpen er favorittar i Molde

Stolt Ketil Arntzen, Gjerpentrenar

Stolt Gjerpentrenar etter kampen.

Foto: Ketil Arntzen / NRK

Gjerpen har som mål å rykke opp i eliteserien neste år, men seier det einaste målet med å reise til Molde er å vinne kampen.

– Viss det betyr at vi kvalifiserer oss til eliteserien, så får vi ta det med på kjøpet, seier Arntzen.

Leif Gautestad meiner det er Gjerpen som stiller som favorittar når laget kjem til Molde.

– Det blir ei svært vanskeleg oppgåve når vi ligg under med sju mål. Men alt er mogleg i handball.