NRK Meny
  • Foreløpig obduksjonsrapport

    Sigrid Dahl i politiet opplyser at dei har teke imot ein foreløpig obduksjonsrapport for to av dei tre som omkom i Seljordsvatnet førre veke. Tilbakemeldinga frå rettsmedisinsk institutt er i tråd med den hendingsgangen politiet har.

  • Mann meldt for køyring i rus

    I Skien vart ein mann meldt for å ha køyrt ein bil i påverka tilstand. Førarkortet er beslaglagt og prøve er tatt.

  • Stans for semitrailer

    På Fv 200 ved Halen gård i Langesund har ein semitrailer fått ein stans. Det er mogleg å passere forbi, opplyser politiet.

  • Røyklukt i Sør-Noreg

    Det er røyklukt fleire stader i Sør-Noreg som truleg stammar frå skogbrannen i Portugal og Spania. Stormen Ophelia har dratt med seg lufta nordover.