Hopp til innhold

Gjerpen tapte i opningskampen

Gjerpen gjekk på eit tap mot Tertnes i den fyrste kampen i Grundigligaen. Det vart altså ein tøff start for laget frå Skien, som no er tilbake i toppserien i handball.

Gjerpen Tertnes

TAP: Gjerpen greidde ikkje å slå Tertnes i serieopninga.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Me øydelegg for oss sjølv med dårleg forsvarsspel i starten av andre omgang, seier gjerpenspelar Dorthe Groa, etter at Gjerpen tapte 22–19 for Tertnes.

Kampen som vart spelt i Skienshallen i kveld markerte at Gjerpen var tilbake på det høgaste nivået i norsk handball. Diverre vart ikkje resultatet heilt som ein hadde håpa, men det vart likevel spennande mot slutten.

– Me kjem oss litt mot slutten av andre omgang, og det er ein lengre periode der kor dei ikkje scorar mål på oss i det heile tatt, seier Groa.

DORTHE GROA

TILBAKE: Dorthe Groa og resten av Gjerpen er tilbake på det øvste nivået i norsk handball.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Må like smerte

– Me syner jo at me har moral og ferdigheiter i laget når me avsluttar så sterkt på slutten. Det er på det nivået me må spele heile kampen igjennom framover, seier trenar Ketil Arntzen.

Gerpen skal verkeleg få testa seg i dei neste fire kampane. Blant anna møter dei Larvik på bortebane den 2. oktober.

Me må berre kome oss opp til nivået som krevst. Det kjem til å bli tungt, men ein må berre ønske den smerta velkommen, seier Arntzen.

Ketil Arntzen

TØFT: Trenar Ketil Arntzen seier laget må bu seg på vanskelege kampar framover.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen