Shabana Rehman er blitt mest kjent for sitt løft av mullah Krekar, men dagleg leiar for festivalen, Øystein Akselberg, seier til Varden at ho var ønska til å opne festivalen før det.
Han fryktar ikkje at folk skal meine at Telemarkfestivalen surfar på Rehman-bølga, men peikar på at den profilerte stand-up-artisten er kjent for å bruke humor som våpen mot fordommar og tabu.
Passar godt inn
- Telemarkfestivalen knyttar menneske og kulturytringar saman, seier Akselberg.
Han meiner Shabana Rehman slikt sett passar godt inn.
- Men med eit skråblikk på Telemarkfestivalen som kulturinstitusjon og den norske folkemusikken generelt, vil ho sikkert kunne provosere mange, seier Akselberg.
Festivalen blir arrangert i tidsrommet 29. juli-1. august. Og i år kolliderer den ikkje med Bluesfestivalen på Notodden.
Programleiar under opningskonserten blir folkesangeren Aasmund Nordstoga frå Vinje, bror til den for tida suksessrike Odd Nordstoga.
Broren til Odd Nordstoga
Saman med Berit Opheim vil Aasmund Nordstoga urframføre eit bestillingsverk med musikk av Henrik Ødegaard frå Sauherad og tekstar av den kjende dramatikeren Jon Fosse.
Andre bidragsytarar er Spelemannprisvinnar Niko Valkeapää med band, den indiske trioen Jai, Rohini og Daya Shankar, den irske gruppa Gráda, halling- og breakdansarane Sigbjørn Rua og Marcus Andreassen, hardingfelemusikarane Øystein Nilsen og Torgeir Straand frå Bø.
Og dei lokale sjølvskrivne gruppene Spelemannslaget Bøheringen, Bø Juniorspelemannslag og Bø Danssarring. Billetter er no lagt ut for sal.