NRK Meny
Normal

Gir seg ut for å vere brannvesenet

Eldre personar i Skien har blitt kontakta av folk som seier dei kjem frå brannvesenet og vil bytte batteri på brannvarslarar for pengar.

Røykvarsler

SVINDELFORSØK: Brannvesenet åtvar folk mot telefonar av folk som seier dei er frå brannvesenet og vil ta 900 kroner for å bytte batteri i brannvarslaren.

Foto: NRK

Brannvesenet går nå ut for å åtvare folk om at dei kan få telefon av folk som vil forsøke å svindle dei for pengar ved å gi ut seg for å kome frå brannvesenet.

Martin Haugen ved 110-sentralen i Skien fortel at dei fekk ein telefon frå ein mann som var blitt kontakta av si eldre mor.

– Mora hadde fått ein telefon av ein person som gav ut seg for å vere frå brannvesenet. Han gav beskjed om at no var det på tide å bytte batteri på røykvarslaren. Det kunne brannvesenet gjere, og det kosta 900 kroner.

Mora kontakta sonen sin som ringde brannvesenet.

– Då fekk vi fortalt han at det gjer ikkje brannvesenet. Og om vi skulle hjelpe til med noko, så vil det ikkje koste 900 kroner, seier Haugen.

Laster Twitter-innhold

Blir varsla av pårørande

Førebels har brannvesenet berre fått ein telefon. Men Haugen kan fortelje at dei tidlegare også har blitt varsla av pårørande og personar som får slike telefonar.

– Dette er den første i denne perioden. Men vi oppmodar folk som får slike telefonar om å ta kontakt med sitt lokale brannvesen eller 110-sentralen.

Han fortel at svindelforsøka der folk gir seg ut for å kome frå brannvesenet gjeld både røykvarslarar og brannsløkkingsapparat.

– Førebels har vi ikkje kontakta politiet. Men vi har åtvara folk på Twitter, og vil varsle politiet etter kvart.

Brannvesenet oppmodar folk til å vere forsiktige med kven dei slepper inn i huset.

– Brannvesenet tar ikkje kontakt på denne måten. Og viss dei tek kontakt, så er det i samband med ei brannvernsveke. Då går brannetaten rundt og hjelper folk, men det blir varsla i forkant og dei som kjem har uniform og id-kort for å vise kven dei er.