Manglar 4 minutt og 55 sekund

Femtifem minuttar og fem sekund. Det var tida NRK-reporter Kurt Inge Dale brukte då han prøvekøyrde strekninga Torp-Geiteryggen. Det tyder at flyplassen i Skien mister statstilskotet med ein hårfin margin på 4 minutt og 55 sekund.

Vi sjekker reisetida fra Torp til Skien lufthavn Geiteryggen.

Sjå video: Bli med på å teste reisetida frå Torp til Geiteryggen.

Kilde: NRK

Den nye leinga i samferdsledepartementet krev at reisetida til næraste flyplass med tilskot frå staten skal vere minst ein time. Er reisetida kortare, mister flyplassen statstilskotet.

Geiteryggen får styrk, og no plukkar staten bort eit årleg tilskot på rundt 10 millionar kroner. Det kan tyde at passasjertrafikken på Skien lufthamn Geiteryggen har landa for godt.

Reisetida omstridd

Det er ulike meiningar om kor lang tid det tar å køyre frå Torp til Geiteryggen. Testen NRK gjorde starta frå Torp fredag klokka 1310, og testpilot Kurt Inge Dale køyrde tett opp mot fartsgrensa der tilhøva låg til rette, men aldri over grensa. Resultat: 55 minuttar og 5 sekund.

– Men nokre minuttar etter at vi kryssa Menstadbrua i Skien fekk eit vogntog motorstopp på brua. Hadde vi kome fire minuttar seinare ville reisetida vippe godt over timen. Flaks for NRK, men uflaks for Geiteryggen, seier Kurt Inge Dale.

Styreleiar oppgjeven

Arne Rui

Styreleiar Arne Rui meiner det er oppsiktsvekkande at departementet bygger sakshandsaminga på NAF si reisehandbok.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Leiar i styret for Skien lufthamn, Arne Rui, meiner at sakshandsaminga i departementet er svært spesiell.

– Det er oppsiktsvekkande når samferdsledepartementet tuftar konklusjonen på NAF si reisehandbok. Der står det at reisetida er nokre og førti minuttar. Me har gjort departementet merksam på at det er feil, men det hjelper ikkje, seier Rui

Men prøveturen NRK har gjort stadfester at reisetida er mindre enn ein time. Tyder ikkje det at Geiteryggen skal miste statstilskotet?

– Du må prøvekøyre strekninga på ulike dagar og til ulike tider for å finne den rette tida. Det har styret ved flyplassen gjort. Resultatet er pluss/minus ein time.

Hoksrud forsvarar avgjera

Statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp), som handterer saka i samferdsledepartementet, har ikkje høve til å kommentere kritikken no.

Tidlegare statssekretær i same departement, stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) frå Telemark, seier at han forstår at store delar av det politiske miljøet i Telemark er skuffa.

– Men Geiteryggen fyller ikkje dei krava departementet har sett. Det er og grunn til å merke seg at trafikken frå Geiteryggen går ned, og at Widerøe legg ned ruta til Bergen, seier Bård Hoksrud.