Hopp til innhold

Farleg arbeid i høgda kan koste dyrt

Farleg arbeid i høgda kan gi gebyr på minst 50.000 kroner. Arbeidstilsynet aksjonerer dei neste vekene.

Usikret bygningsarbider

Her ser vi ein bygningsarbeidar på ein dårleg sikra byggeplass i Oslo. Arbeidstilsynet vil aksjonere i Telemark dei neste vekene.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB scanpix

Arbeidstilsynet reknar med å hindre alvorlege skader og kanskje dødsulykker dei neste vekene.

Fallulykker på bygg- og anleggsplassar er eit stort og unødvendig problem, meiner tilsynsleiar Bjørn Tore Hansen i Arbeidstilsynet Sør-Norge.

Farlege stillas og andre manglar kan koste arbeidsgivarar minst 50.000 kroner i gebyr dersom det blir oppdaga under aksjonen.

– Vi som arbeider i Arbeidstilsynet erfarer at vi har alt for mange fallulykker generelt, og kanskje spesielt i bygg og anleggsbransjen.

Bjørn Tore Hansen

Tilsynsleiar i Arbeidstilsynet, Bjørn Tore Hansen, vil ha meir fokus på usikra arbeid i høgda.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Tryggleik kostar pengar

Hansen fortel at det er mange forskjellige ting som påverkar det.

– Dei ønskjer å gjere jobben raskt unna, og då blir det kanskje ikkje nok sikring. Derfor set vi fokus på det. Det er mange ulukker, og det er mange nesten ulukker. Så det er mykje å gå på når det gjeld å arbeide sikkert.

– Sjølv om Arbeidstilsynet peikar på dette gong etter gong. Kvifor skjer det likevel?

– Vi ser at dei som gjer dette skikkeleg og tar det med sikring i høgda alvorleg, gjer jobben både raskare og sikrare. Og dei unngår ulykker. Med tryggleiken kostar pengar, stillasmateriale kostar pengar og noko brukar litt raske løysingar for å få gjort den jobben dei skal, men det kan koste dyrt i lengda.

Arbeidstilsynet vil gje gebyr

Arbeidstilsynet set fokus på dette nå ved å gje gebyr der det blir arbeid usikkert.

– Trur du at de kjem til å finne stader der dei ikkje tar desse reglane på alvor?

– Ja. Det trur eg vi alle ser at det går føre seg mykje arbeid, og eg trur heilt sikkert vi kjem til å finne folk som jobbar usikra i høgda.

– Dei som ein sjanse på arbeidsplassen. Er dei ikkje redde sjølv for at ting kan skje?

– Det kan vi jo undre på. Det er jo ingen av oss som ønskjer å ofre liv og helse for arbeidsgivaren sin. Så eg kan ikkje forklare kvifor folk vil arbeide på denne måten.

Kan tipse om farleg arbeid

– Kunne du ønskje at fleire tok kontakt med Arbeidstilsynet for å seie frå om dei ikkje kjenner seg trygge på arbeidsplassen sin?

– Det vil vi gjerne oppmode dei til å gjere. Både dei som blir utsett for det, og dei som oppdagar at det blir utført usikra arbeid i høgda.

Arbeidstilsynet har også ei heimeside der folk kan legge inn tips.

– Vi er takknemlege for tips, for då kan vi reise på rett stad kvar gong, seier Hansen.