NRK Meny
  • Førre søknadar om erstatning

    Fylkesmannen har teke imot 36 søknadar om erstatning for tap av sau og lam til freda rovvilt i år. Nedgangen i søknadar held fram for fjerde år på rad. I 2013 vart det motteke og behandla 115 søknadar om erstatning, som er 79 fleire enn i år.

  • Pengar til OL i Telemark

    Formannskapet i Tinn kommune vil gjeva 500.000 kroner til arbeidet med å få OL til Telemark. Det skriv Rjukan Arbeiderblad. Vedtaket i formannskapet var samrøystes, og saka blir avgjort i kommunestyret sitt budsjettmøte i dag.

  • Auke i folketalet

    Med ein auke i folketalet på 3,8 prosent i år er det berre fire kommunar i Noreg som veks meir enn Bø. Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Tala syner at åtte av atten kommunar i Telemark får ein auke i folketalet i år.

  • 14.-plass til Lid Byggland


    Langrennsløparen Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo vart nummer 14 på 15 kilometer klassisk i Skandinavisk Cup. Mikael Gunnulfsen frå Ørn vart nummer 16. 200 løparar frå heile Skandinavia deltok i rennet.

    Ånund Lid Byggland
    Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK