NRK Meny

Gabrielsen hjelper Rjukan

Tidlegare helsestatsråd Ansgar Gabrielsen skal leie arbeidet med å skaffe ny aktivitet i lokala etter Rjukan sjukehus. Med seg i gruppa får Gabrielsen mellom andre leiar i Norsk Industri, Stein Lier Hansen og sjukehusdirektør Bess Frøyshov. Ordførar Steinar Bergsland seier at hovudoppgåva blir skaffa profesjonelle helsebedrifter til dei ledige lokala.