Hopp til innhold

93-åring fylte fjøstaket med solcellepanel

NOTODDEN (NRK): Ole Holta (93) på Notodden lagar straum nok for 10 einebustader på fjøstaket sitt. Han meiner det bør satsast på solenergi framfor vindkraft i Norge.

Ole Holta

SOLCELLEKONGEN: Ole Holta har fått montert 664 solcellepanel på uthustaka. Dei kan produsere 140.000 kWh i året.

Foto: Øystein Økter / NRK

Den spreke 93-åringen viser stolt fram det enorme solcelleanlegget på fjøstaket. Her blir det produsert store mengder straum så fort sola er framme.

For tre år sidan stod det splitter nye fjøset til 50 mjølkekyr klart. Innanfor veggane er det meste automatisert med mjølkerobot og automatisk utlegging av grovfôr.

Store takflater

Men då bygget stod ferdig løfta han blikket oppover. Sola skein og 1400 kvadratmeter stod berre der utan å bli utnytta.

– Eg såg fort at taka på garden var ideelle for produksjon av solstraum. Derfor henta eg inn tilbod frå tre leverandørar og sette i gang. Eit år etter var anlegget i drift.

664 solcellepanel er montert på sør- og vestvende takflater på både fjøs og reiskapshus. Etter eit år med drift på anlegget er 93-åringen fornøgd.

Ole Holta

Eit solcelleanlegg er heit utan rørlege delar og har derfor mest ikkje vedlikehaldskostnader.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

– Hittil i år har sola produsert 100.000 kWh. Eg reknar med at vi kjem opp i vel 140.000 kWh før året er omme. Vi har fleire bustadhus og eit stort fjøs på garden, så straumen kjem godt med, seier han.

To millionar kroner

Gjennom sommarhalvåret er garden så godt som sjølvforsynt med straum. Dersom solcellepanela produserer meir enn dei greier å bruke, blir resten av straumen levert ut på nettet.

Prisane på solcelleanlegg er fallande, men Ole Holta var for ivrig til å vente.

– Når er anlegget ditt nedbetalt?

– Det har eg ikkje skjenka ein tanke. Det ligg ei tid fram. Når det produserer 140.000 kWh i året og kosta to millionar kroner så kan du rekne sjølv at det går mange år.

– Så det var ikkje berre økonomien som gjorde at du sette i gang?

– Nei, det var mei reit prinsipp – her er det ein ressurs som ein må utnytte. Det vil vere veldig gale når du har råd å ikkje gjere det.

Solcellepanel på fjøstaket

Solcellene lagar straum til 10 einebustader.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Har tru på sol

Ole Holta er tidlegare direktør og hovudaksjonær i Tinfos, eit av landets eldste kraft- og industriselskap. Han meiner det bør satsast meir på solenergi i Norge sidan kraftprisane truleg vil auke.

– Eg reknar med at om 10 år har vi kontinentale kraftprisar i Norge. Det vil gjere eigenproduksjon av straum gjennom solceller svært lønsamt, meiner Holta som ivrar for sol framfor vind.

Vindmølla er ein kraftig lyd-forureinar og ureinar landskapet. Solenergi har veldig små vedlikehaldskostnader sidan det ikkje er rørlege delar. Det gjer at ein bør satse mykje mindre på vindkraft enn solkraft.

Denne veka fyller Ole Holta 93 år, men han har ikkje tenkt å gje seg.

– Nye prosjekt vil naturleg kome, men eg har ingen på gang akkurat nå.