Hopp til innhold

Kan starte utfylling i Gunneklevfjorden

Miljødirektoratet har gitt Porsgrunn kommune lov til å fylle ut steinmasse i Gunneklevfjorden for å dekke til sjøbotnen og hindre spreiing av miljøgifter.

Herøya sett frå Herøyavegen over Gunneklevfjorden

Miljødirektoratet gir Porsgrunn kommune lov til å fylle steinmasse i Gunneklevfjorden for å få meir næringsareal.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sjøbotnen i Gunneklevfjorden i Grenland er svært forureina av kvikksølv og fleire andre miljøgifter. Porsgrunn kommune har nå fått lov til utfylling av steinmasser for å dekke til sjøbotnen og hindre spreiing av miljøgifter.

Marit Ruge Bjærke

Marit Ruge Bjærke i Miljødirektoratet.

Foto: John Petter Reinertsen

– Gunneklevfjorden er ein av dei mest forureina fjordane i Noreg, og opprydding er viktig for å få til god miljøtilstand i Skien- og Grenlandsfjordane, seier seksjonssjef Marit Ruge Bjærke i Miljødirektoratet.

Utfyllingsprosjektet til Porsgrunn kommune ved Herøya er eit av fleire oppryddingstiltak som planlagt for å unngå spreiing av miljøgifter og skade på naturmangfaldet.

Strengare krav

Miljødirektoratet gir nå Porsgrunn kommune lov til å utvikle nye næringsareal ved utfylling av steinmasse i sjøen på Herøya.

– Fordi sedimentene i Gunneklevfjorden er svært forureina, har vi sett strengare krav til utfyllingsmetode og utsleppskontroll enn det som kom fram i søknaden, seier Ruge Bjærke.

Miljødirektoratet meiner tiltaket vil bidra til å redusere spreiing av miljøgiftene, og dermed auke den totale kvaliteten for økosystem i nærmiljøet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunneklevfjorden

Gunneklevfjorden er svært forureina av gamle miljøsynder.

Foto: NRK

Masse frå jernbanebygging

– Vi meiner også at det er fornuftig at overskotsmasse frå bygging av jernbanesporet mellom Larvik og Porsgrunn blir brukt i utfyllinga, slik at massene gjere nytte for seg i staden for å bli deponert, seier Ruge Bjærke.

Større delar av sjøbotnen i Gunneklevfjorden skal også dekkast til for å hindre at det lekker ut miljøgifter frå forureina sedimenter.

Det skjer først når utfylling på Herøya er fullført.