NRK Meny
Normal

Løkslid: – Vil vere kaptein på laget

Denne veka har det storma rundt Telemark fylkeskommune og naturleg nok da nyinnsett fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

Sven Tore Løkslid

Det har storma litt rundt nyvald fylkesordførar Sven Tore Løkslid. Her talar han på fylkestinget etter å ha blitt vald til fylkesordførar.

Foto: Christina Førli Aas / NRK

For to år sidan blei det kjent at fylkestinget inngjekk ei avtale med selskapet First House om å skaffe 300 til 500 arbeidsplassar til Telemark.

Denne veka avdekka NRK at First House ikkje berre har fakturert pengane som var avtalt i kontrakten, men også utgifter til pølser, brus, strø på softis i tillegg til dyre middagar.

Nyvald fylkesordførar Sven Tore Løkslid fekk denne saka nærmast rett i fanget etter to veker i stolen fylkesordførar.

– Det har vore ei spennande og aktiv veke med framlegg til budsjett, fylkesting og så denne saka med Invest in Telemark. Så det har vore ei aktiv, men lærerik veke.

Utfordringa er å skape arbeidsplassar

– Du har vald å forsvare den kontrakten fylkestinget gjorde i 2013 med First House, kvifor det?

– Det er litt rart å forsvare ein prosess som eg sjølv ikkje har hatt nokon rolle i. Men eg er veldig medveten på at eg skal vere kaptein for eit samla Telemarkslag. Og då er det viktigaste at vi ikkje taklar kvarandre, seier Løkslid.

Han vil legge vekt på det som har vore intensjonen med Invest in Telemark, nemleg å skape arbeidsplassar og få nye folk til å flytte til fylket.

– Eg trur det er viktig at vi står samla. For den største utfordringa vi har er å skape arbeidsplassar. Men eg må vere ærleg å seie at eg beklagar det som har kome ut nå med softis og strø. Og det er synd at det er det som heng igjen i minne hos folk.

Lovar å rydde opp

Løkslid seier prosjektet med First House er nytt og utradisjonelt.

– Vi tenker litt offensivt og utradisjonelt for å få tak i folk som vil investere i Telemark. Uheldigvis dukkar denne saka med softis med strø opp, men dei pengane får vi tilbake.

No lovar den nye fylkesordføraren at det skal bli rydda opp.

– Kontrollutvalet følgjer saka, og det er trygt for meg å vite, seier Løkslid.