Hopp til innhold

Fylkesmannen gjev medhald i klage

Foreldra til ein gut med skulevegring sende inn ei klage retta mot Skien kommune, fordi dei ikkje var nøgd med eit vedtak om skuletilbodet til sonen. No har fylkesmannen bedt kommunen om å endre vedtaket.

Tom pult i klasserommet

TOM STOL: Guten slit med skulevegring og har ikkje vore på skulen på snart to år.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Det tykkjer eg er bra, fordi det tvingar Skien kommune til å snu kvar ein stein når dei skal legge til rette skuletilbodet til guten, seier advokat Vibeke Hein-Bæra.

Ho har ført klagesaka mot Skien kommune på vegner av foreldra. Dei ønsker å vere anonyme av omsyn til sonen.

Skien kommune har tidlegare sagt til NRK at dei har følgt anbefalingane frå ei sakkunnig vurdering, som seier at dei ikkje bør gjeve guten undervisning i heimen, men heller legge til rette for eit særskilt tilbod på skulen.

Det er dette vedtaket foreldra har klaga inn til Fylkesmannen, og som nå må opp til vurdering på nytt.

– Me har gjeve Skien kommune beskjed om at dette vedtaket ikkje er gyldig, og at dei no må sjå på saka ein gong til, seier utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Telemark, Solrun Fleicher.

Kamp mot klokka

Vibeke Hein Bæra

UROA: Advokat Vibeke Hein-Bæra håpar no det kan kome eit godt tiltak for guten, men ho likar ikkje at prosessen tek tid.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Sjølv om vedtaket skal diskuterast på nytt, jublar ikkje Hein-Bæra av full hals. Dette betyr nok ein gong at det vil ta tid før ei tiltak er klart. I januar er det to år sidan guten har vore på skulen.

– Vekene går og barnet vil framleis ikkje vere på skulen. Eg er sjølv mor og kan berre tenke meg kor vanskeleg det må vere å stå i denne situasjonen, seier Hein-Bæra.

Ho er heller ikkje trygg på at guten no vil få den hjelpa han treng.

– Me ser at det ikkje står på viljen til kommunen og skulen, men ein klarar likevel ikkje å få til eit samarbeid fort nok, seier Hein-Bæra.

Skulesjef i Skien kommune, Tore Andersen, vil ikkje kommentere vedtaket til fylkesmannen av omsyn til teieplikta.