NRK Meny
  • Skagerak ber om hjelp

    Skagerak Energi brukar helikopter for å kartlegge feil på høgspentnettet etter snøfallet i går. Samstundes oppmodar selskapet kundar med feil på lågspentnettet om å melde frå, slik at selskapet også kan rette desse feila. Klokka 11 i dag hadde selskapet registrert 250 feil i Skien og Siljan.

  • Brøytebil fanga jente i snøhole

    Ei ni år gamal jente blei stengt inne i ei snøhole i Skien i går. Jenta leika i snøhola då ein brøytebil kom forbi og fylte opningen med snø. i fylgje politiet brukte foreldra 30 minuttar på å grave jenta fram.

  • Fotgjengar sendt til sjukehus

    Ein fotgjengar er sendt til sjukehus etter at ho blei påkøyrd på Bølevegen i dag tidleg. Det er uvisst kor omfattande skader den 19 år gamle kvinna har.

  • Fotgjenger påkjørt

    En fotgjenger er påkjørt av en bil på Bølevegen i Skien. Politi og ambulanse er på stedet. Ulykken fører til trafikale problemer i morgenrushet.