NRK Meny

Fv 37 åpnet igjen

Laster Twitter-innhold
  • Vil legge ned Facebook-side

    Ordførar Bjørn Sverre Birkeland i Tinn oppmodar redaktøren om å legge ned Facebook-sida Rjukan og Tinn inn i framtida. Ordføraren meiner sida har blitt eit forum for sutring og personåtak, skriv Rjukan Arbeiderblad.

    Bjørn Sverre Birkeland
    Foto: Roald Marker / NRK
  • Snøskredfaren nedgradert

    Etter ein periode med vesentleg snøskredfare i Vest-Telemark, er no faren nedgradert til moderat. NVE rår likevel folk til å vere varsame i bratte område.

  • Tjue skadde i trafikken i januar


    Tjue personar blei skadde i trafikkulukker i Telemark i januar. I same periode i fjor blei 8 personar skadde, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Tala syner at ingen miste livet i trafikken i Telemark i januar.

  • Arrestert etter hærverk

    Ein mann er arrestert, mistenkt for å ha gjort skadeverk på ni bilar hjå ein bilforhandlar på Kjørbekk. Frontrutene på førarsida er knust, og bilane har i tillegg skader i lakken, melder politiet.