Hopp til innhold

– Eg føler at kommunen vil overvake meg

SKIEN (NRK): Tone Sivertsen (35) er redd ho skal miste fridomen sin. Ho er éin av mange funksjonshemma i Noreg som ikkje synest BPA-ordninga fungerer godt nok.

Tone Sivertsen

FRYKTAR FOR DEI NYE AVTALENE: Tone Sivertsen har den medfødde sjukdomen muskeldystrofi, og har sitte i rullestol sidan ho var 23. Ho har assistentar for å delta i samfunnet på lik line med alle andre.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg føler meg overvakt og at eg må begynne å passe på kva eg gjer, seier Sivertsen.

Bakgrunnen er at Skien kommune lyser ut ny konsesjon for brukarstyrt personleg assistanse (BPA), som krev meir rapportering enn før. Det er òg usikkerheit rundt timeløna.

– Vi må gjeva beskjed om vi skal ut av kommunen meir enn sju døgn. Om vi vil utanlands må vi spørja kommunen om lov. Vi må òg fortelja kva vi brukar timane til. Det treng vi ikkje i dag.

Tone Sivertsen og Trine Sortevik Bratsberg

GOD HJELP: Assistent Trine Sortevik Bratsberg er god å ha både til kvardagslege gjeremål og til større utflukter. – Utan assistent hadde eg ligge i senga heile dagen og ikkje kome nokon veg. Eg er veldig avhengig og takknemleg, seier Tone Sivertsen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Redd for å ikkje få fullført utdanninga

Sivertsen studerer psykologi ved Bjørknes, og tek studia via internett. Men ho er redd ho ikkje skal få fullført utdanninga på grunn av at ho ikkje får nok hjelp til å møte opp til dei obligatoriske timane.

Ho meiner det er viktig at ho får hjelp til å koma ut i samfunnet, og ikkje berre til det mest nødvendige i heimen.

– Eg er mykje åleine på dagen fordi eg ikkje har nok timar, og da kjem eg meg heller ikkje ut.

Eg kan aldri bli med på ting utan å planlegge veldig nøye, og må kanskje spørja familie og vennar om hjelp i staden for. Det gjer at eg unngår slike situsjonar.

Tone Sivertsen
Loffe

LOFFE: Å gå tur med hunden Loffe er ei av oppgåvene til assistent Trine Sortevik Bratsberg.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Eit problem i heile landet

BPA vart rettigheitsfesta i Stortinget i 2015, som eit hjelpemiddel for å leva sjølvstendige liv. Noregs Handikapforbund har evaluert ordninga, og ser at mange kommunar praktiserer dette meir som ei tradisjonell heimeteneste.

Forbundsleiar Arne Lein presiserer at han ikkje har sett konsesjonen frå Skien kommune, og uttalar seg på generelt grunnlag.

– Nokre av dei som har BPA, får ikkje brukt det til fritidsaktivitetar. Prioriteringane deira blir delvis styrte av kommunen. Særleg melder unge menneske frå om at ordninga avgrensar dei i sosial kontakt med andre.

– Er det mange som tek kontakt om dette?

– Ja, det er mange. Vi registrerer òg at det er mange som klagar på vedtaka, og omgjeringsprosenten hjå Fylkesmannen er opp mot 50 prosent.

Arne Lein

ULIKE FORVENTNINGAR: Arne Lein i Norges Handikapforbund trur at brukarmiljøa og kommunane har ulike forventningar om kva BPA skal vera, og at mykje kan betrast om dette spriket i forventningane blir oppklart.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Kvaliteten skal vera som i dag

Kommunalsjef for helse og velferd i Skien kommune, Erik Nordberg, seier at kommunen har vedteke å ikkje drifte BPA-ordninga sjølv, difor var det nødvendig å leggje konsesjonen ut på anbod. Endringane i konsesjonen er gjort for å oppfylle loven.

– Prosessen med anbodet viste at det på nokre område var behov for ei tydeleggjering av villkåra.

Rettane til brukarane av BPA-ordninga vil ikkje bli påverka, men det kan bli fleire leverandørar å velja mellom, seier Nordberg. Han forsikrar at kvaliteten på tenesta skal vera som dagens nivå, og at dei er lydhøyre for tilbakemeldingar.

– Kommunen har ansvaret, vi skal sikre at tenesta bli forsvarleg utført, og at ressursane blir brukt på ein formålstenleg måte.

I forkant av anbodet vart det gjennomført ei høyring, og vi meiner at kvaliteten på tilbodet blir oppretthalde.

Erik Nordberg
Erik Nordberg

SKAL EVALUERE: Kommunalsjef for helse og velferd i Skien kommune, Erik Nordberg, seier at dei vil evaluere ordninga i god tid før neste anbodsrunde.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK