NRK Meny

Fullt på psykiatrisk avdeling

Det er fullt på ungdomspsykiatrisk ved Sykehuset Telemark, og det har vore fleire innleggingar i år samanlikna med tidlegare år. Ved månadsskiftet oktober/november hadde 51 ungdommar vore innom avdelinga, mot 41 i hele 2014. Det er 8 plassar ved avdelinga, og leiar Ole Øystein Kildebo meiner dei får behandla dei som har behov for det.