Fukt og mugg kan skjule seg på hytta: – Enkle grep gjev frisk luft

Dårleg inneklima på sommarhytta di kan vere skadeleg, men det finst råd som ikkje er dyre.

Råte og muggsopp

MUGG OG RÒTE: Etter ein lang vinter utan tilsyn, kan ein fort kome tilbake til hytta si å oppdage fukt.

Foto: Sverre Holøs / SINTEF Byggforsk

Det kan vere større risiko for fukt og mugg på sommarhytta di enn heimen, meiner fagsjef for inneklima i Noregs Astma- og allergiforbund, Kai Gustavsen.

Stilleståande luft og brått temperaturfall kan i verste fall gje kondens, som igjen kan gje mugg og ròte.

– Det er viktig å få luft inn på hytta også når hytta ikkje er i bruk, slik at det ikkje vert stilleståande luft, seier Gustavsen.

Kragerø-skjærgården

Idyllen kan fort bli brutt om du ikkje held inneklima i hytta vedlike.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Flytt møblar

Det er ikkje alltid det er store og kostbare grep som skal til for å bli kvitt mugg og fukt. Det kan nokon gonger vere nok å flytte om på møblane eller støvsuge.

–At det kan bli muggsopp i yttervegg er det ikkje alle som tenker på når dei setter senga si på soverommet heilt inntil ytterveggen.

Kai Gustavsen

– Det er utruleg viktig å tenke på møblering og støvsuge. Støv gjer det lettare å halde på fukt, og er det mindre støv, er det færre stader der støv kan ta opp fukt.

Gustavsen har jobba mykje med eit sunt inneklima, og kjem med eit godt råd til hytteeigarar.

Kai Gustavsen

Kai Gustavsen fagsjef for inneklima i Noregs Astma- og Allergiforbund har gode råd for å unngå fukt og mugg på hytta.

Foto: Norges Astma- og Allergiforbund / Tore Fjeld

– Det kan vere lurt å ta seg ein tur rundt om i hytta å sjå om du har lufteventilar og ventilering over vindauga. Og brukar du desse? Om ein ikkje har det, kan ein ta med seg ei sag og lage hol til dette.

Gustavsen seier at dette ikkje er for skremme, men for å gje alle ei betre oppleving på hytta i sommar. Det viktigaste er å kose seg, avsluttar han.

Luftvegsplager og kroniske sjukdommar

Sjukdommar knytt til fukt og mugg er vanskelege å oppdage og kan i verste fall bli kronisk, seier Anne Kristin Møller Fell.

Ho er forskar og overlege ved avdeling for arbeidsmedisin på Sjukehuset i Telemark.

Mugg i vegg etter sofa

Mugg i vegg etter sofa.

Foto: Kai Gustavsen

– Kjem du inn i ei sommarhytte og det luktar mugg, kan det oppstå luftvegsplager. Særleg hjå dei som har astma og kols frå før. Oppheld du deg lenge på ei hytte med fukt, kan det oppstå nye sjukdommar. Ein kan også få hovudverk og nedsett konsentrasjon.

Ho fortel vidare at den finst behandling for dette, men at det kan vere vanskeleg å oppdage då fastelegar ikkje alltid tenkjer på at slike sjukdommar er knytt til fukt.

– Ein må fyrst ta ei pusteprøve for å sjå om det har påverka lungefunksjon. Ein kan deretter få medisinar til innanding, om det visar seg at det er astma som må behandlast. Men det aller viktigaste er å fjerne fukt og mugg, då er i beste fall problemet vekk.