Hopp til innhold

Fuglekongesongar attende etter 28 år

For fyrste gong på lenge vart ein fuglekongesongar sett i Telemark. Det er 28 år sidan sist denne fuglen har vorte observert i fylket vårt.

Fuglekongesanger på Jomfruland

SJELDAN GJEST: Ein fuglekongesongar var innom på Jomfruland for fyrste gong på 28 år.

Foto: Ola Nordsteien / Jomfruland fuglestasjon

– Det er heilt ubeskriveleg. Det var ein liten fugl, men ei stor oppleving.

Det seier Ola Nordsteien, som arbeider på fuglestasjonen på Jomfruland. Tysdag var han ute på ei vanleg runde, og da hang fuglekongesongaren i nettet. Nordsteien trur det var eit reint tilfelle som gjorde at dei fekk besøk av denne sjeldne fuglen.

Ola Nordsteien

UBESKRIVELEG: Ola Nordsteien ved Jomfruland fuglestasjon fekk ein dag litt utanom det vanlege, da ein fuglekongesongar dukka opp.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

– Vi er inne i ei tid av året der alt kan skje. Det kjem fuglar langvegs frå både aust og vest. På Værøy i Lofoten hadde dei ein mugimakiflugesnappar innom for ei veke sidan. Det var tredje funn i Europa og fyrste i Noreg.

– Tek fuglane feil kurs og hamnar stader dei ikkje skulle vore?

– Vi kjenner ikkje til alt som føregår, men feilnavigering ikkje utenkjeleg. Vêrfenomen kan òg spela inn. Dei siste to vekene har det vore eit kraftig lågtrykk sentralt i Østersjøen, med austlege vindar frå Sibir og Asia. Det kan ha ført med seg ein del austlege, asiatiske artar.

Fuglekongesongaren hekkar vanlegvis i Kina, Mongolia og deler av Russland. Om vinteren trekker den til Thailand, Kambodsja, Laos og Vietnam, opplyser Nordsteien.

Var vanlegare før

Nordsteien fortel at det førre funnet av ein fuglekongesongar i Telemark var 16. oktober i 1989, som er 28 år og éin dag før fuglen som vart observert tysdag. Han vart òg funnen på nesten nøyaktig same stad, berre 15 meter unna.

– Det er ting som tydar på at han var vanlegare før, for det er fire funn i Telemark tidlegare. Alle er i perioden 1981 til 1989.

Fuglekongesongaren er i slekt med gransongar og lauvsongar, som er to kjente, norske artar. Han liknar òg på fuglekongen sidan han er så liten, det er difor han har fått det namnet han har.

Håpar han skal dukke opp att

Fuglekongesongar

STERKE FARGAR: Fuglekongesongaren har sterke fargar i gule og grøne nyansar. Han er i slekt med gransongar og lauvsongar.

Foto: Ola Nordsteien / Jomfruland fuglestasjon

Etter at fuglen flaug i nettet på fuglestasjonen, vart han ringmerka, noko dei gjer med alle fuglar, fortel Ola Nordsteien.

– Vi driv med standardisert overvaking av fuglelivet på Jomfruland, så i utgangspunktet er det rein rutine. Men det blir litt ekstra krydder når vi får slike selebre gjestar.

Nordsteien håpar at ein fuglekongesongar skal flyge i nettet på nytt.

– Songarane er ganske skeptiske, så det er ikkje så ofte ein ser dei. Det har kome to fuglekikkarar frå Vestfold, dei er nok ganske gira på å få sjå han.