SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Naboane til det planlagte gasskraftverket på Herøya fryktar at anlegget vil føre til omfattande støyforureining.
Skagerak Energi har rekna ut at anlegget vil lage like mykje støy som den etablerte industrien, og nå fryktar venstrepolitikaren Siri Storetvedt Heldaas at kraftverket vil øydelegge bumiljøet.
Storindustri utanfor vindauge
- Eg er uroa over at eit gasskraftverk nærast skal ligge midt i eit buområde, seier ho.
Storetvedt Heldaas seier at Hydro er nesten borte på Herøya. Ho seier at naboane i mange år har akseptert ulemper med storindustri like utanfor stogevindauge.
- Eg kan ikkje sjå at den industrien som er der i dag skal forsvare at gasskraftverket skal ligge akkurat der, seier ho.
Billigaste tomtealternativet
Det var i går Skagerak Energi offentleggjorde valet av Herøya som byggestad for gasskraftverket, og no kjem protestane.
For i følgje Skagerak Energi vil eit gasskraftverk på Herøya levere like mykje støy som den etablerte industrien åleine leverer i dag.
Skagerak Energi har vurdert tre alternativ for å plassere gasskraftverket. (ill. Skagerak Energi)
Skagerak Energi har rekna ut at Herøya er det billigaste tomtealternativet, men prosjektleiar Lars Søfteland går ikkje med på at selskapet ofrar naboane for å få ned anleggskostnadane.
Vil ikkje ta ulempene lenger
- Nei. Dette er ei totalvurdering. Hadde vi ikkje trudd at vi kunne løyse støyproblema, så hadde ikkje vi lagt eit gasskraftverk på Herøya, seier Søfteland.
Siri Storetvedt Heldaas og nabolaget på Øyekast har lang tradisjon for å protestere mot støy frå prosessindustrien.
No varslar venstre-politikaren nye protestar.
- Eg synes ikkje det er rett at vi skal ta ulempene med å ligge våkne om natta. Og eg trur ikkje det kjem så mange nye arbeidsplassar ved å legge eit gasskraftverk til Herøya, seier Storetvedt Heldaas.