NRK Meny
Normal

Fryktar slutten på fysiske butikkar

BØ (NRK): Tal frå SSB syner at netthandel er i vinden som aldri før.

Netthandel

POPULÆRT: Aukande netthandel kan bety slutten på fysiske butikkar, slik me kjenner dei i dag.

Foto: Camilla Veka/NRK

– Viss eg skulle blitt rik, så hadde eg opna nettbutikk i kjellaren min.

Hanne Torsberg

Eigar av butikken Lillegull, Hanne Torsberg, seier ho merker presset frå nettbutikkane i sin egen lokalbutikk.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Det seier Hanne Torsberg som eig interiørbutikken Lillegull i Bø sentrum.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå syner at omsetninga til netthandelen i 2015 auka med 14,3 prosent frå året før. Særleg ser ein eit auke i sal av møblar og interiør, der omsetninga har auka med over 270 millionar kroner.

– Me merker eit stort press i samband med prisane til dei ulike nettbutikkane. Prisane der ligg ofte under det me må ta i butikken for å overleve, seier ho.

Me kan ha kundar i butikken som sier at de har sett ein ting i ein nettbutikk til en rimeligare pris.

Hanne Torsberg
Lillegull

I butikken Lillegull i Bø meiner eigaren at utvalet er betre enn i ein nettbutikk.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Må endre seg for å overleve

Seniorrådgjevar hos Norsk Design og arkitektursenter, Morten Ragnøy Ednes, har lenge arbeidd med problema lokale butikkar står ovanfor.

Ednes trur den aukande netthandelen vil vere med på å endre framtida for lokalt næringsliv.

Morten Ragnøy Ednes

Morten Ragnøy Ednes seier lokale butikkar må tenke nytt for å overleve.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vanlege butikkar i fysiske hus trur eg vil forsvinne. Dei må i alle fall finne nye måtar å vere butikk på, seier han.

Han trur også sosiale medium påverkar netthandelen, fordi ein der får sjå varer som brukast av for eksempel kjendisar og fok ein kjenner. Dessutan peiker han på at kommersielle aktørar har skjøna at handel på sosiale medium har kome for å bli.

– Denne trenden vil ikkje forsvinne med det fyrste, alle bruker jo sosiale medium, seier han.

Ber folk bruke sin lokale butikk

Tilbake i Bø sentrum ber Torsberg folk om bruke dei fysiske butikkane, i staden for å handle alt på nett.

– Viss ikkje vil det ikkje bli noko handelssentrum. Det er trasig med berre tomme butikkvinduer, seier ho.

Har du forståing for at folk vel å handle på nettet?

– I forhold til tid skjønar eg det, og mange sparer pengar på det. Men i butikken her har me servicen, og den får du ikkje i nettbutikken, seier ho.