Hopp til innhold

Fryktar slurvete pakking i påska

Pakkar du bilen i høgt tempo når du skal på ferie? Det kan vere livsfarleg for deg og dine, åtvarar ekspert i NAF.

Riktig pakket bil

TA DEG TID: Ikkje slurv med pakkinga av bilen. Her ser du eit eksempel på ein godt pakka bil.

Foto: Terje Heiestad/Norsk Luftambulanse

Om du køyrer i 50 kilometer i timen aukar vekta på ein gjenstand 24 gongar. Det kan skape farlege situasjonar dersom du bråbremsar. Det seier seg sjølv at lause ting i bilen er livsfarleg, seier Arvid Jensen i NAF.

Påskeferien står for tur, og mange kan ikkje vente med å kome seg til fjells. Når bilen skal pakkast kan det går litt fort.

– Folk stressar når dei skal pakke bilen og det vert mykje slurv, seier Jensen.

Det er jo ofte mykje som skal gjerast om ein kjem heim frå jobb og ønsker å kome seg på hytta same dag. Mange pakkar jo ikkje berre for seg sjølv, men også for barna.

Men det er spesielt med tanke på barna at ein ikkje bør hastepakke bilen.

– Skulle det ligge ein 20 kilo tung koffert laus bak i bilen, og den treff eit barn i bakhovudet ved ein naudbrems, så vil det får fatale følgjer, seier Jensen.

Sjå vår reporter teste korleis det er å verte treft av ein koffert i fart i videovindauget nedanfor.

Sjå NRK-reporter verte treft av 25 kilo tung koffert.

TEST: Vår reporter Stian Wåsjø Simonsen testa korleis det er å verte treft av ein koffert i fart.

Så lågt som mogleg

Pakker du bilen rett, så legg du store gjenstandar i bagasjerommet, gjerne sikra med stroppar eller bagasjenett.

– Tunge ting skal lastast lågt, og ligge langt fram mot seteryggen i bagasjerommet. Seteryggen toler ikkje alt her i verda den heller. Difor er det lurt med stroppar, seier Jensen.

Arvid Jensen

MYKJE SLURV: Arvid Jensen i NAF Telemark fryktar at folk pakkar bilane for dårleg til påske.

Foto: Martin Torstvet / NRK

Men det er også viktig å tenke over korleis ein pakkar dei lettare tinga. Eit nettbrett, som veg under ein kilo, kan treffe folk i setet framfor med ein kraft på heile 24 kilo ved ein bråstopp i 50 kilometer i timen.

Det sikraste er å ha dei i lomma på ryggen til forseta eller å la dei ligge i ein bag på golvet, seier Malin Diesen-Kvamme i forsikringsselskapet If til NTB.

Det er og vanleg å bruke skiboks for å få ekstra plass. Da er det viktig å sjekke kor tungt du kan laste boksen. Ofte kan ein laste dei med mellom 40 og 90 kilo. Ein skiboks eignar seg best til lette gjenstandar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark