Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Høyr lastebilnæringa om Hardangerbru. Reporter Ragnar Lurås.
- Kommune: Vinje
- Dersom Stortinget vedtar å bygge Hardangerbrua, kan det spenne beina under ei vidare satsing på E-134 som det viktigaste transportalternativet mellom Oslo og Bergen.
Det seier Olav Vefald i Lastebileierforbundet for Telemark og Vestfold.
Politikarar frå Krf, Frp og Ap i Hordaland krev no at Stortinget handsamar Hardangerbrua før sommarferien.
Mykje trafikk
Trafikken med vogntog går tett over Haukelifjell. Trafikkteljingar syner at E-134 over Haukelifjell var den suverent mest bruka høgfjells-overgangen mellom aust og vest i vinter. Vegvesenet sine eigne trafikktal viser at E-134 har dobbelt så stor trafikk som riksveg 7 over Hardangervidda.
Olav Vefald i Lastebileierforbundet er ikkje tvil om at ei utbygging av E-134 er viktigare enn Hardangerbrua og riksveg sju.
- Det er E-134 som betyr noe i transportsamanheng. Det er den beste heilårsvegen og det naturlege vegvalet mellom hamneområda på Austlandet og Vestlandet, seier Vefald.
Krev rask reaksjon
Nå krev politikarar frå Kristeleg folkeparti, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet i Hordaland at Stortinget behandlar saka om bygging av Hardangerbrua før sommarferien.
Dei peikar på at finansieringa av brua skal skje lokalt, blant anna gjennom kjøp av renteopsjonar. Saka ligg no i Samferdsledepartementet som ikkje vil legge saka fram for Stortinget før dei har kontrollert kostnadanalysen for brua.
Vefald fryktar at eit hastevedtak for Hardangerbrua i Stortinget kan spenne beina under ei vidare utbygging av
E-134 over Haukelifjell.
- Ja, det er eg redd for, og det kan få svært dramtiske konsekvensar, seier Vefald. Han vil ikkje sei meir om kva konsekvensar det dreier seg om.