Hopp til innhold

NRK-kutt kan gå ut over unikt arkivmateriale

Folkemusikkmiljøet fryktar at unike opptak skal bli utilgjengelege når NRK skal kutte i arbeidet med musikkarkiva.

Knut Buen

Spelemann Knut Buen fryktar for kva som kjem til å skje med folkemusikkarkivet når NRK må kutte stillingar.

Foto: Charlen Wedvik Homme / NRK

For å spare pengar, har NRK bestemt at det skal kuttast over 30 årsverk i arkiv-avdelinga. Spelemann Knut Buen, seier mange fryktar at det går ut over folkemusikken i Norge.

– Både eg og fleire med meg fryktar det kan bli borte ting, eller at ting som har vore gjeldande før blir nedprioritert, seier Buen.

Han meiner det er veldig viktig at arkivmaterialet er tilgjengeleg for folk i framtida.

Les også: Han takkar satsinga på folkemusikk for suksessen – no er han redd arven kan gå tapt

Har spesiell kunnskap

Buen seier mange av de som jobbar med folkemusikk i NRK har spesialkunnskap som få andre.

Han meiner det også er viktig at NRK har ein folkemusikkanal og tilgjengelege opptak.

– Det er veldig viktig at dette ikkje blir tatt vekk, seier Buen.

Arkivsjef Svein Prestvik i NRK seier folkemusikkarkivet skal bestå, men at ingenting foreløpig er bestemt omkring den nye organiseringa etter at avdelinga er redusert med over tretti årsverk.

Torgeir Straand åpner ny fabrikk

Torgeir Straand meiner NRK har spesiell kompetanse for å ta vare på folkemusikk.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Må få ansvar og økonomi

Spelemann Torgeir Straand er engasjert i arbeidet med Hardingfelesenteret i Bø.

Han meiner NRK si rolle er heilt nødvendig, og det ikkje er mogleg for ein aktør som Hardingfelesenteret å overta ansvar for arkivet.

– Eg meiner det er få institusjonar i Norge som er betre skikka til å gjere denne oppgåva enn NRK. Men då er det viktig at NRK får tildelt eit klart og tydeleg ansvar, og økonomi til å gjennomføre det av politikarane, seier Strand.

Les også: Annbjørg Lien til «Hall of Fame»