Hopp til innhold

Her hadde nynazistar treningssamling

Organisasjonen FRI er bekymra og fryktar dei er mål for nynazistar som hadde treningsleir i Telemark.

Vefald-Brekke Grendehus

I dette grendehuset arrangerte Den nordiske motstandsbevegelsen treningssamling.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, FRI, fryktar at dei kan bli eit mål for nynazistar som opererer i Telemark.

Ingvild Endestad

FRI frykta dei er målet for Den nordiske motstandsbevegelsen.

Foto: Pressebilde FRI

– Vi er bekymra for det som ser ut til å vere ei nynazistisk gruppe som vi veit har hatt aksjonar mot våre søsterorganisasjonar i Sverige, og som gjekk til åtak mot ein mann i Finland som døde nå i helga, seier Ingvild Endestad, leiar i FRI.

Det var TA og Dagbladet som først skreiv om organisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen, som arrangerte treningssamling under Dyrskuhelga i førre veke.

Vil kunne forsvare seg

Haakon Forwald

Haakon Forwald meiner det er lurt å kunne forsvare seg.

Foto: Frihetskamp.net. / Frihetskamp.net.

Organisasjonens leiar Haakon Forwald fortel til TA at i dagens samfunn er det vettig å kunne forsvare seg.

– Utover det så er dei personane som var til stades på helgas arrangement i Telemark våre aktivistar i vår organisasjon og våre meiningsmotstandarar har ein generell låg terskel for valdsbruk. Da er det også lurt å kunne forsvare seg, sa Forwald til TA torsdag.

NRK har forsøkt å komme i kontakt med Den nordiske motstandsbevegelsen i dag, men har ikkje lukkast med det.

Fryktar at dei er målet

– Denne gruppa har aktivt uttalt at vi er målet for deira aksjonar, seier Endestad.

FRI viser til vald i Finland skjedde under ein demonstrasjon. Politiet oppfattar det slik at 28-åringen som døde blei angripen fordi han spytta mot demonstrantane.

– Det er den same organisasjonen si avdeling i Noreg som hadde treningsleir i Telemark. Det er ingen tvil om dei er valdelege, og at dei trenar seg til kamp, seier Endestad.

FRI etterlyser handling frå politiets side og har kontakta Politiets tryggingsteneste. Vest-Telemark Blad skriv at politiet var orientert om arrangementet i grendehuset.

Politiet vil ha oversikt

Sigrid Dahl

Politiet vil gjerne ha oversikt over ekstreme grupper.

Foto: Børre Karterudseter / NRK

Regionlensmann i Midt-Telemark og Vest-Telemark, Sigrid Dahl seier det er bra at folk melder frå om at dei er bekymra.

– Det hjelper oss til å halde oversikt over kva som går føre seg.

I denne saka uttalar Dahl seg på vegner av det lokale politiet som skal handtere straffbare forhold dersom det er aktuelt.

– I utgangspunktet tenkjer vi at det er ytrings- og forsamlingsfridom her i landet.

– Korleis ser politiet på at denne nynazistiske gruppa samlar seg til ein treningsleir i Telemark?

– Politiet er bekymra for alle typar radikalisering og ekstremisme som viser og uttrykker at dei ønskjer å bruke vald, så det følgjer vi med på.

Leigde huset for familien

Leiar i Grendelaget i Vefall-Brekke, Lene Braaten seier til NRK at det var ein privatperson frå distriktet som leigde grendehuset.

– Han sa at det skulle brukast til besøk av familien i dyrskuhelga. Og styret trudde det blei brukt til det som var føremålet med leiga av huset. Styret var ikkje kjent med bruken før det stod omtalt i media på torsdag. seier Braaten.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark