Hopp til innhold

Frp vil inn i regjering

Framstegspartiet er opprørspartiet som etter 40 år i opposisjon er klare for å innta regjeringskontora. Og Telemark har ein klar statsrådskandidat.

FRPs Bård Hoksrud møter Johs Apold til partiutspørring i Telemarkssendinga

Sjå utspørjinga av Bård Hoksrud (Frp) her

Framstegspartiet har tidlegare i år feira sitt 40-års jubileum, for det som starta som ein kuriositet: Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skattar, avgifter og offentlege inngrep.

Les også:

Bøheringen Eivind Eckbo

Anders Langes høgre hand var bøheringen Eivind Eckbo. Han var i mange år også Frps fremste talsperson i Telemark.

I eit intervju med NRK Telemarksendinga 20 år etter partistiftinga med Anders Lange – sa Eckbo:

– Det var som å sette ei fjøslykt ut i sommarnatta – da kjem det mange rare vesener svevendes.

Men Carl I. Hagen omforma Anders Langes parti frå ei sær sekt til eit moderne demokratisk parti med ein sterk organisasjon, med Einar Gerhardsens lærebok «Tillitsmannen» som forbilde.

Klar for regjering

Etter 40 år som opposisjonsparti er endeleg Frp nå klare til å ta steget inn i regjeringskontora.

KrF og Venstre har lenge vegra seg for å sitje i regjering med Frp, men nå lovar alle dei fire borgarlege parti regjeringsskifte, dersom dei får fleirtal.

Så vil tida og valresultatet vise kva slag regjering vi får, og kor mange parti som er med.

Asfaltpolitikk

Men løpet er lagt for eit sterkt Frp-innslag i regjeringa, kanskje med Bård Hoksrud som samferdselsminister.

Hoksrud markerer partiets samferdselspolitikk i alle kanalar og på alle debattarenaer og sosiale medium til alle tider på døgnet. Han er lett satirisk kalla for Frps asfaltpolitiske talsmann.

Ved valet i 2005 fekk Frp to på tinget frå Telemark. I 2009 falt nummer to, Kåre Fostervold ut etter tidenes triller mot Geir Bekkvold i KrF.

På meiningsmålingane fire veker før valet ligg Frp framleis an til ein representant frå Telemark. Men Frp kan igjen få to: Kristian Norheim på andreplass er absolutt med i finaleheatet om utjamningsmandatet.