NRK Meny

Frp lyttar ikkje på folkeavstemming

Framstegspartiet i Nome vil ikkje lytte til resultatet av folkeavstemminga, og kjem til å stemme for ei kommunesamanslåing med Bø og Sauherad i kommunestyret. Det blei bestemt på eit styremøte i partiet i går kveld. Partiet vurderer også å be kommunestyret sjå på om det er mogleg å dele kommunen, fortel leiar av Frp i Nome, Gry Anette Rekanes Amundsen.

Gry-Anette Rekanes Amundsen
Foto: Roald Marker