NRK Meny
Normal

Eit spørsmål om liv og død

SKIEN (NRK): Politiet er heilt avhengige av hjelp frå friviljuge. – Det kan vera spørsmål om liv og død, seier operasjonsleiar i politiet Jørn Gustav Larsen. Frå mai og fram til no har det vore rundt 70 leiteaksjonar berre i Telemark.

Jørn Gustav Larsen

Operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen seier politiet er avhengige av hjelp under leiteaksjonar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det blir stadig vanskelegare å få med friviljuge på leiteaksjonar, og det uroar leiaren i Telemark Røde Kors, Eli Christiansen Ducros. Noko av forklaringa er at ein del arbeidsgjevarar vegrar seg for å gje folk fri med lønn for å vera med på leiteaksjonar som friviljuge. Dette er ein trend ein ser over heile landet.

– Mine kollegaer andre stader i landet, fortel om akkurat det same, seier Ducros.

Ein hektisk sommar

Jørn Kristensen

Ved hjelp av eit dataprogram og tekstmeldingar kan Jørn Kristensen sende melding til mange hundre hjelpekorpsarar i løpet av sekund. Og då er dei fyrste klare til å rykkje ut på oppdrag i løpet av få minuttar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Frå mai og fram til no har det vore over 70 aksjonar i Telemark, fortel Jørn Kristensen. Han er leiar i Drangedal RK, og koordinerer også hjelpeoppdrag i regi av Telemark RK.

Både han og andre merkar at det blir stadig vanskelegare å få fri med lønn for folk som deltek i friviljug hjelpearbeid.

– Det gjer at dei må kalle ut fleire korps, og jamvel kalle ut korps frå nabofylka viss det er store og langvarige aksjonar. Noko av forklaringa er at folk lever travle liv, men det spelar også inn at det er mange små og store arbeidsgjevarar som opplever det som problematisk å gje folk fri med lønn nærast på ubestemt tid.

Avtale om fri

Arbeidsgjevarar får informasjon frå presidenten i Norges Røde Kors, og ei ryddig avtale om fri frå arbeidet i samband med aksjonar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Arbeidsgjevarar bør tenkje seg om, og spørje kva ein ville ha gjort viss det var ein medarbeidar i eigen stab eller kanskje familiemedlemmar.

– Politiet er avhengig av dei friviljuge

Det seier operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen ved politiet i Telemark. Både når det gjeld sambandsutstyr, køyretøy og mannskap er politiet heilt avhengige av at dei friviljuge stiller opp.

Det gjeld både Norske Redningshunder, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, og også Sivilforsvaret og Redningsselskapet. Heile redningstenesta baserer seg på dei friviljuge.

Eit meir krevjande arbeidsliv

– Det er mange produksjonsprosessar som må passens nøye på, og det er små marginar i dei enkelte bedriftene, som gjer at dei ikkje har råd til å setje inn vikarar, seier direktør i NHO i Telemark, Nikolai Boye.

Han legg til at utfordringa i arbeidslivet no er at arbeidsrolllene blir så spesialiserte at det kan vera vanskeleg å erstatte folk som forsvinn ut på redningsoppdrag. Boye seier at NHO er opptatt av friviljug innsats, utan den kan samfunnet stoppe opp.

Røde Kors

Veldig mange har bruka mange timar på leiteaksjonar i sommar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tek saka på alvor

Skien Røde Kors er ein avhange hjelpekorps som slit med å skaffe nok folk, men no set dei i gang eit ekspress-aspirantkurs som gjer at interesserte kan kvalifisere seg som hjelpekorpsar i løpet av hausten. På den måten håpar dei å få fleire friviljuge å spela på i framtida.