Hopp til innhold

– Hastverk kan gje deponi i Brevik

Miljøminister Tine Sundtoft (H) får skryt frå Fredrik Hauge i miljøstiftinga Bellona.

Norcem

Norcem sine gruver i Brevik blir med i rapporten om korleis Noreg skal lagre farleg avfall.

Foto: NRK

– Statsråden syner handlekraft, seier Hauge, og syner til at statsråden gjev Miljødirektoratet nokre dagars frist på å levere ein rapport om korleis nasjonen Noreg skal lagre farleg avfall.

Ole Henrik Lia i Porsgrunn Arbeidarparti meiner at statsråden er i overkant offensiv, og trur at den korte fristen vil få Miljødirektoratet til å peike på Brevik.

– Treng alternativ no

Ole Henrik Lia

Ole Henrik Lia (Ap) fryktar at kort tidsfrist vil presse Miljødirektoratet til å plassere eit deponi for farleg avfall i Brevik.

Foto: Øystein Økter / NRK

Deponiet på Langøya er fullt om fem-seks år, og det er på høg tid å starte arbeidet med å finne eit alternativ, seier Hauge.

– Det verste som kan skje er at avfallet blir mellomlagra på ulike stader mens vi ventar på teknologi som gjer det mogeleg å vinne att avfallet. Så lange vi manglar den teknologien treng vi eit nasjonalt lager, seier Fredrik Hauge.

Statsråden i overkant offensiv

Gruppeleiar Ole Henrik Lia i Porsgrunn Arbeidarparti meiner statsråden er i overkant offensiv når ho gjev Miljødirektoratet frist til 20. mars med å levere ein rapport.

– Det vitnar om panikk når Miljødirektoratet får ein frist på nokre få dagar, seier Lia, som fryktar at Miljødirektoratet blir pressa til å peike på Brevik, utan å greie ut andre alternativ.

Bellona peikar på Brevik

Fredrik Hauge

Fredrik Hauge i miljøstiftinga Bellona meiner framleis at kalkgruvene i Brevik er det beste alternativet.

Foto: NRK

Fredrik Hauge forstår at Ole Henrik Lia er kritisk til eit nytt giftlager i Grenland. Han forstår også Porsgrunn bystyre som i vinter sa nei til å la NOAH og Norcem konsekvensutgreie eit nasjonalt deponi i Brevik.

– Det er likevel slik at nasjonen Noreg må ta hand om avfallet, seier Hauge, som meiner at kalkgruvene i Brevik truleg er det beste alternativet.

– Når me i tillegg kjenner NOAH sin fagkunnskap er det liten grunn til uro, seier den tidlegare miljøaktivisten.

Fryktar at statsråden køyrer over bystyret

Ole Henrik Lia fryktar at regjeringa vil setje lokaldemokratiet til side.

– I valkampen sa både Høgre og Framstegspartiet at dei ville styrke lokaldemokratiet. Porsgrunn bystyre seier nei, og no blir saka ein prøvestein på om regjeringa meiner alvor når den snakkar om lokalt demokrati, seier Ole Henrik Lia.