NRK Meny
Normal

– Kan vere ei skattekiste

NOME (NRK): Ferske prøver syner at det finst sjeldne jordmetall over ein kilometer ned i bakken på Fensfeltet. Det kan verte revolusjonerande for Europa.

Borekjerne frå Fensfeltet

BOREKJERNER: Det er desse bergkjernane geologane har teke prøver av.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Skal me ha Elbilar, vindmøller og anna miljøteknologi, så er me heilt avhengige av desse metalla, seier regiongeolog, Sven Dahlgren.

Sven Dahlgren

STORT POTENSIAL: Regiongeolog for Buskerud, Vestfold og Telemark, Sven Dahlgren, tykkjer det er godt å sjå at bergarten med mineral strekk seg over ein kilometer ned i bakken.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han peiker på at det er Kina som sit på desse metalla i dag, men at desse prøvene er eit teikn på at Noreg kan ta sin del av marknaden.

Sidan november har dei teke boreprøver av feltet i Nome. No har dei nådd målet på ein kilometers djup.

– Me har den rette bergarten heile vegen ned, og me ser også dei sjeldne metalla fleire stader.

Analysen registrerer førebels berre at det finst metall i prøvene. Kor stor mengde metall som finst inne i sjølve bergkjernane vert klårare etter at prøvene har vore på laboratorium.

– Det er viktig å understreke at dette ei enkelt prøve, og at det er mykje jobb igjen før ein kan byrje å vinne ut metall, seier Dahlgren.

Dahlgren kastar no ballen til industrien, som han meiner må tørre å satse på det enorme potensialet som ligg i Fensfeltet.

– Hadde eg vore industrien, så hadde eg køyrd på. Dette kan vere skattekista til Europa, seier Dahlgren.

Fensfeltet

1000 METER: Borestasjonen på Fensfeltet har henta ut boreprøver frå djupet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Større enn Hydro

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Bård Hoksrud, gler seg over nyheita. Han er einig med Dahlgren i at industrien no må vakne.

Bård Hoksrud

NØGD: Stortingsrepresentant for Frp, Bård Hoksrud, seier desse prøvene gjev eit godt utgangspunkt for vidare kartlegging.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg har opplevd at industrien har vore litt nølande, og eg håper at desse prøvene kan vere med å snu det, seier Hoksrud.

Sjølv om utvinninga vil vere både dyr og tidkrevjande, meiner han industrien kan tene stort på dette.

– Dette kan syne seg å verte større enn Hydro, og me veit jo alle saman kor revolusjonerande den industrien var for Noreg, seier Hoksrud.

Etisk ansvar

Terje Aasland

VIL SATSE: Stortingsrepresentant for Ap, Terje Aasland, seier desse prøvene syner at Noreg er rike på naturressursar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Terje Aasland, som sit i næringskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet gler seg også over dei positive prøvene.

Han peiker på at Noreg, og resten av Europa har eit ansvar for å vinne ut slike metall sjølv, i staden for å kjøpe dei frå Kina.

– Me har eit stort forbruk av slike metall i vesten. Da er det viktig at me kan produsere det sjølv, slik at me ikkje må støtte opp under ein industri med svekka rettar for arbeidarane.

  • Laster Twitter-innhold
  • 56 unge nominerte til stipend

    56 ungdommar frå Telemark er nominerte til Drømmestipendet, som deler ut 100 stipend på 15.000 kroner til unge kulturutøvarar. I heile landet er 458 ungdommar nominerte til stipend. I siste halvdel av mars skal juryen vurdere kandidatane.

  • Vil utbetre Tinnosbanen

    Bane Nor vil utbetre Tinnosbanen til normaltrafikk innan 2024, skriv Telen. Bane Nor eig og driftar strekninga, men det er Jernbanedirektoratet som bevilgar pengane.

  • Urolege for skuterkøyring

    Politiet er urolege for fyllekøyring på snøskuter. Erfaringane deira er at alvorlege ulykker på snøskuter og alkohol ofte går hand i hand. I tillegg fryktar politiet at folk ikkje melder ifrå ved ulykker, fordi dei er redd for å bli straffa.