Hopp til innhold

Framleis stor internasjonal interesse for Breivik

SKIEN (NRK): Neste veke startar ankesaka mellom terrordømte Anders Behring Breivik og staten Noreg i lagmannsretten. Ifølgje ein journalist frå nyhendebyrået Reuters er saka alt for spesiell til å ikkje vekke oppsikt rundt om i verda.

Anders Behring Breivik smiler i retten

ANKESAK: 10. januar startar neste runde i saka mellom staten Noreg og Anders Behring Breivik.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Førre runde i tingretten var fyrste gongen han opptredde offentleg etter han vert dømd. Og me hugsar jo alle da han utførte Nazi-helsinga under rettssaka, seier journalist i det internasjonale nyhendebyrået Reuters Alister Doyle.

Han seier saka nærmast er eineståande og at ein ikkje finn mange liknande eksempel på personar som er fengsla for så grufulle handlingar som Anders Behring Breivik.

– Korleis skal staten eigentleg behandle denne mannen? Me snakkar om ein mann som har gjort noko så grufullt som å drepe 77 menneske, og mange av dei var barn. Det er jo ingen som vil ha noko med han å gjere, seier Doyle.

Mykje spenning er knytt til korleis fem år i isolasjon hadde prega han.

Alister Doyle

Dommen frå førre runde i tingretten slår fast at soningsforholda til massedrapsmannen er i strid med artikkel tre i menneskerettane, som handlar om forbodet mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Staten anka denne dommen.

Lagmannsretten skal finne ut om den terrordømte framleis skal vere isolert i fengselet, slik han har vore sidan han vart dømt for å ha drepe 77 personar på Utøya i 2011. Det skal også vurderast kor ofte Breivik skal kroppsvisiterast i fengselet.

Presseoppmøte Knut Bjarkeid

STOR INTERESSE: Da saka var oppe i tingretten var mediedekninga stor. Denne gongen kjem det også til å vere eit stort oppmøte av pressefolk i rettssalen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Dette folk forbind med Noreg

Når rettssaka tek til i Skien fengsel 10. januar vil det vere plass til 45 pressefolk i rommet.

Sikkerheitsinspektør i fengselet, Roar Gran, seier at dei største norske avisene og media sjølvsagt vil vere til stades, men at også store internasjonale nyhendebyrå som Associated Press, Reuters og Newsweek kjem til å toge inn i rettssalen.

Alister Doyle

FASINERANDE: Journalist for nyhendebyrået Reuters, Alister Doyle, er spent på korleis staten kjem til å argumentere i rettssaka.

Foto: Privat

Dekninga frå utlandet kjem altså til å vere god under rettssaka. Doyle trur også interessa for saka framleis vil vere stor rundt om i verda.

– Det vert kanskje ikkje like mykje blest som i førre runde. Da var det jo knytt mykje spenning til korleis fem år i isolasjon hadde prega han. Men det vert jo uansett fasinerande å sjå korleis staten skal argumentere i denne saka, seier han.

Same veke som ankesaka startar i Skien, startar også saka mot den tidlegare polititoppen Eirik Jensen, som står tiltalt for grov korrupsjon. Noko som også er ein historisk tiltale.

Doyle seier Jensen-saka ikkje vil kome i nærleiken av Breivik-saka når det gjeld internasjonal interesse.

Det er diverre denne saka ein forbind med Noreg i utlandet, seier Doyle.