NRK Meny
Normal

Frå gift til data

PORSGRUNN (NRK): Eit nytt forslag har kome på bordet for å hindre at gruvene i Brevik vert nytta som deponi for farleg avfall. I staden for gift ønsker ein no å lagre data i dei gamle gruvegangane.

Servere i datasenter

DATASENTER: Det er dataserverar liknande desse som står på Island ein ønsker å fylle gruvegangane i Brevik med.

Foto: Sigtryggur Ari / Reuters

– Den løysinga me har i Brevik er heilt unik, og det er viktig at me får synt dette fram til dei store datalagringsaktørane, seier Sjur Ajer (H).

Han sit i bystyret i Porsgrunn og er mannen som foreslår å bruke Norcem sine gruver i Brevik som datalagringshallar. Ajer meiner det er mange gode argument for eit slikt forslag.

– Me har mykje straum i regionen vår, samtidig som fibernettverket i området her er godt. Det lek også mykje vatn inn i desse gruvene som kan nyttast til å kjøle ned datamaskinene, seier Ajer.

– Har de aktørar som er interessert i å lagre data i gruvene?

– Me har interesse frå både store og små aktørar.

Ajer seier at han på det noverande tidspunkt ikkje vil gå ut med kven desse aktørane er, men at det jobbast med å få avtaler på plass.

Gruvegangene i Brevik

25 MIL: Dei lange gangane i Dalen gruver i Brevik kan passe bra til lagring av data.

Foto: Norcem

Støtte frå motstandarane

Forslaget kjem som følgje av den store motstanden mot eit deponi i gruvene.

Fabrikkdirektør David Verdu

SIT PÅ GJERDET: Fabrikkdirektør ved Norcem, David Verdu, seier dei no ventar på konsekvensutgreiinga.

Foto: Johs Apold / NRK

– Vel ein å gå for eit deponi så vil gruvene på eit tidspunkt verte fulle. Da utnyttar ein ikkje potensialet desse lange gangane har. Eit datalagringssenter kan fint kombinerast med andre næringar også, seier Ajer.

Klima- og miljødepartementet har bestemt at gruvene i Brevik skal vurderast gjennom ei konsekvensutgreiing. Fyrst da vil dei ta stilling til om kor deponiet for farleg avfall skal liggje.

– Me tek ikkje stilling til om ein kan bruke gruvene til andre ting på det noverande tidspunkt. Me held oss roleg fram til konsekvensutgreiinga er ferdig, seier fabrikkdirektør ved Norcem, David Verdu.

Hallgeir Kjeldal

MED PÅ LAGET: Ordførar i Bamble, Hallgeir Kjeldal (Ap), tykkjer forslaget om datasenter er godt, sjølv om det kjem frå Høgre.

Foto: Roald Marker / NRK

I det politiske miljøet vert forslaget teke imot med interesse.

– Me ønsker å løfte dette opp på fylkesnivå, og om det vert vedteke der så kjem det til å vere ei sak i Telemark Arbeidarparti, seier ordførar i Bamble, Hallgeir Kjeldal (Ap).

Det er altså duka for eit tverrpolitisk samarbeid rundt saka.

– Me jobbar vidare med dette og ein ønsker å få regjeringa på bana, seier Ajer.

  • Bil havnet på taket

    En mann er kjørt til sykehus etter at en bil havnet på taket på Kjørbek i Skien. Det er fortsatt uklart hva som er årsaken til ulykken.

  • En time ekstra kjøring

    E18 er stengt ved Gjerdemyra utenfor Kragerø i sørgående retning. Omkjøring skjer via Drangedal og Treungen. For reisende mellom Kragerø og Kristiansand gir det over en times lengre reisetid.

    Gjerdemyra
    Foto: Astrid Wåsjø Simonsen
  • En seier på fire kamper

    I eliteserien i bordtennis for kvinner vant Notodden mot Vikåsen, mens det ble tap for Bodø, og B-72. Notodden spilte uavgjort mot Drammen. Dermed tok laget med seg tre poeng fra helgens kamper som ble spilt på Notodden.

  • Golfbane under vann

    Golfbanen på Gumøy i Kragerø står under vann. – Banen var i utmerket stand helt til regnet kom, så jeg tror dette skal gå bra, sier styreleder i Gumøy golf AS Jarl Wist. Det anslås at omkring 20 mål ligger under vann.

    Gumøy golfbane
    Foto: Roy Isnes