Hopp til innhold

Mange mindreårige treng fosterheim

Det er store utfordringar med å finne fosterheim til unge flyktningar som kjem til Telemark utan foreldra sine.

Mindreårige asylsøkere

Det er kome 540 mindreårige barn over grensa til Norge den siste tida. Her blir barn kontrollert av politiet.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det er mange flyktningar som kjem til Norge nå utan foreldra sine. Desse barna er i første rekkje gutar mellom 11 og 14 år frå Afghanistan, Eritrea og Syria.

Dei er såkalla mindreårige asylsøkarane og flyktningar som treng fosterheim, og det veldig fort.

Mange har tatt kontakt

Kari Honerød, Bufetat Telemark

Kari Honerød, Bufetat Telemark.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Avdelingsleiar Kari Honerød i Bufetat Telemark seier dei ikkje har vore førebudd på situasjonen.

– Vi har innført unntakstilstand, og det inneber at vi brukar det vi har av krefter på å møte dei som kjem på ein god måte.

Honerød seier at deira jobb er å rekruttere og lære opp fosterheimar som kan ta i mot einslege mindreårige.

Og mange har tatt kontakt dei siste to månadene for å bli ordinære fosterheimar, men også for einslege mindreårige.

– Vi har nok ikkje klara å handtere det godt nok, slik at vi får sendt dei som vil bli fosterheim for einslege mindreårige på kurs fort nok, men det arbeider vi med, seier Honerød.

Ting skjer fort nå

Det er Bufetat sentralt som ansvaret for å busette barn under 15 år, men kommunane bestemmer om dei vil ta i mot barn.

– Bufetat Telemark skal finne og lære opp fosterheimane, seier Honerød.

Men no skjer ting veldig fort.

– Det er kome 540 barn til landet. Hundre av desse har fått opphald, så vi har lita tid til å finne gode fosterheimar.

Bufellesskap for dei eldste

– Viss de ikkje får tak i nok fosterheimar. Er det då mogleg å opne eigne barneheimar, slik det var i Skien for mange år sidan?

– Eg veit at det blir arbeidd med å finne andre former for omsorg, som til dømes døgnbemanna bufellesskap. Det er også ei kommunal oppgåve. Men det vil vere for dei eldste av barna.

Honerød seier at Bufetat har ansvar for dei under 15 år, og for desse er det beste å kome i ein fosterheim.