NRK Meny

Forventer opp mot 10 000

Odd forventer opp mot 10 000 på tribunen under dagens serieåpning mot Rosenborg. Odd-direktør Einar Håndlykken skriver på Twitter at det så langt er solgt 8600 billetter.

Laster Twitter-innhold
  • Bil utfor vegen ved Eidsborg

    Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 45 mellom Høydalsmo og Eidsborg i retning mot Eidsborg, ifølge tipsar. Det kan vere vanskeleg å passere for større køyretøy, melder NRK Trafikk. Det er også meldt om litt snø i området, så køyr forsiktig.

  • Innbrot på Gulset-grillen

    I natt vart innbrotsalarmen utløyst på Gulset-grillen i Skien. Nokon hadde teke seg inn og stole kontantar. Politiet har hatt eit negativt søk i området. Dei har undersøkt åstaden og meldt saka.

  • Køyr forsiktig

    Politiet oppmodar alle om å køyre forsiktig i dag.

    Laster Twitter-innhold
  • Snø fleire stader i fylket

    Det er varsla om snø og vanskelege køyreforhold fleire stader i Telemark. På E134 mellom Seljord og Notodden, Fv. 37 ved Bolkesjø og Fv. 651 mellom Tuddal og Svineroi er det meldt om snø og slaps.