NRK Meny
  • Hundeeigar kan få fengsel

    Eigaren av ulvehunden Saarloos wolfhond som skadde ein tre år gamal gut kan få fengsel i opp til eit halvt år. Hunden hoppa over gjerdet i ein barnehage i Skien og gjekk til åtak. Politiet etterforskar saka etter lov om hundehald, skriv Varden.

    Ulvehund
    Foto: Petter Melsom / NRK
  • Bil utfor vegen på Valebø

    Ein bil har køyrt utfor vegen på Valebøvegen like nord for Dalsvatn i natt. To personar har komme uskadd ut av bilen. Det skal vere glatt på staden.

    Bil utfor vegen på Valebø
    Foto: Theo Aasland Valen
  • Rykka ut til bråtebrann

    Politi og brann rykka i natt ut til ein bråtebrann ved eit industribygg på Romnesområdet på Ulefoss. Politiet var ei stund redd for spreiingsfare til skog og parkerte biler på staden. Brannen er sløkt, og det blei ingen skader.

  • Bulkar og ripar ved jernbanestasjon

    I Porsgrunn har ein bileigar meldt om skadeverk som er utført på bilen, mens den har stått parkert på ein parkeringsplass ved Porsgrunn jernbanestasjon tysdag ettermiddag og kveld. Det er bulkar og riper, saka blir meldt til politiet.