Hopp til innhold

Opprydding ligg fem månader etter skjema

Oppryddingsarbeidet av radioaktivt avfall etter Søve Gruver er forsinka med fleire månader, men regjeringa seier dei vil halde fristen for å rydde opp.

Opprydning etter gruvedrift på Søve

Næringsdepartementet lovar å starte oppryddinga etter Søve Gruver i juni 2014.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Arbeidet med å fjerne det radioaktive avfallet frå Søve Gruver skulle eigentleg ha starta om to veker, men først denne veka sender næringsdepartementet ut prosjektet på anbod. Det er fem månader etter skjema.

Les og:

Kjemiingeniør Kristian Rostock målte det radioaktive avfallet ved Søve Gruver i samband med eit Brennpunkt program i 2005.

– To og eitt halvt tusen. Det trur eg er ny rekord for meg. Før eg kom hit hadde eg aldri trudd eg ville finne slike verdiar utandørs og usikra nokon stad i Noreg, sa Rostock etter å ha besøkt Søve Gruver.

Det var også her det blei avslørt at metallet niob frå gruvene blei brukt i våpenproduksjon under andre verdskrigen og fram til fabrikken blei stengt i 1965.

(Artikkelen held fram under bilete)

12. januar 1951 skrev kongeriket Norge en inntil nå hemmelig avtale med USA. De nylig frigitte dokumenter fra Riksarkivet som Brennpunkt har fått tak i, forteller hvordan en liten gruve ved Ulefoss i Telemark gjorde Norge svært delaktig i et av den kalde krigens mest skremmende våpeneksperimenter.

Kjemiingeniør Kristian Rostock måler det radioaktive avfallet i eit Brennpunktprogram i 2005.

Stram tidsplan for opprydding

Det var i fleire år ein kamp mellom Telemark fylkeskommune og Staten om kven som hadde ansvaret for å rydde opp i det radioaktive avfallet. Men hausten 2010 blei det bestemt at staten skulle ta heile rekninga for oppryddinga.

Etter planen skulle arbeidet vore ute på anbod i desember 2013 og arbeidet skulle ha starta i midten av april 2014. Nå fryktar miljørådgivar Morten Rask Arnesen i Nome kommune at det vil ta enda lenger tid før avfallet blir fjerna.

– Eg må innrømme at eg er litt uroleg. Det er alt i utgangspunktet ein stram tidsplan for oppryddinga, seier Arnesen.

Han viser til at pålegget frå Statens strålevern som er datert 14. mars 2014, eigentleg skulle ha vore sendt innan 1. november 2013.

(Artikkelen held fram under bilete)

Restene etter gruvedriften ved Søve

Staten tar rekninga med å rydde opp i det radioaktive avfallet etter Søve Gruver.

Foto: NRK

Måtte ha ny gjennomgang

Solveig Dysvik i Statens strålevern seier at dei hadde behov for å gjere ein grundig gjennomgang i saka.

– Difor tok det lengre tid enn planlagt. Men det vil ikkje påverke dei opphavlege tidsfristane.

Dysvik meiner det framleis er realistisk å rekke fristen om å rydde opp innan utgangen av 2014.

Det er Nærings og Fiskeridepartementet som har ansvaret for å gjennomføre arbeidet.

Startar opprydding i juni

Eirik Lae Solberg

Statssekretær Eirik Lae Solberg i Næringsdepartementet.

Foto: Martine Røiseland

Statssekretær Eirik Lae Solberg skuldar på den førre regjeringa for at prosjektet nå ligg etter skjema.

Han viser til at den førre regjeringa greidde ut ulike alternativ og sende desse ut på høyring.

– Vi har vore opptekne av å ha god framdrift i saka, og det er viktig å rydde opp i avfall etter gruvedrift.

Sjølv om den opphavlege planen var å kome i gang i april, er Lae Solberg godt nøgde med at dei no kjem i gang, og får starta oppryddinga i juni.

– Er det ikkje grunn til å vere uroa for at tidsfristen vil sprekke?

– Eg skjønar at folk i nærmiljøet er uroa. Dette er ei ureining som er alvorleg, og som har vore eit problem i mange år. Men vi tar tak i dette no, og skal starte sjølv oppryddinga i juni, seier Lae Solberg.