NRK Meny

Forlenga varetekt

Mannen som brukte ein ljå til å true og rane ei kvinne i Porsgrunn i august har fått forlenga varetektsfengslinga med fire veker. Det var laurdag 4. august at ei 78 år gamal kvinne blei rana i sin eigen heim på Vestsida i Porsgrunn. Mannen har samtykka i at varetektsfengslinga blir forlenga. Saka kjem for retten i november.