SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Odd Grenland startar i dag forhandlingar med Rosenborg om sal av Jan Gunnar Solli. Leiinga i Odd svara i går kveld Rosenborg at tilbodet på Solli er interessant nok til å starte reelle forhandlingar om overgang.
Jan Gunnar Solli.
- Eg har no gitt melding til Rosenborg om at tilbodet er såpass interessant at vi ønskjer å diskutere det vidare, seier direktør Tom Helge Rønning i Odd Grenland.
Juvelen i Odd
- Ingen ønskjer å selje Jan Gunnar Solli ut frå sportslege omsyn. Men er økonomien så viktig at dere ikkje ser noen annan utveg enn å selje?
- Vi ønskjer ikkje å kome i samme situasjon som andre klubbar har kome i, og då kan spelarsal vere ein måte å unngå dette på, seier Rønning.
- Solli blir rekna for å vere juvelen stallen til Odd Grenland. Korleis trur du supporterklubben og miljøet rundt Odd Grenland vil reage på eit sal?
- Eg reknar med at tilhengarane og alle rundt klubben skjønar at det kan være nødvendig å selje. For ein liten klubb som Odd Grenland er det nødvendig å utvikle spelarar frå eigen stall og selje dei vidare. Så dette trur eg kan gjenta seg seinere også.