Hopp til innhold

Foreslår forbod mot råning

Det kan bli forbode å råne i Notodden, Bø og Sogndal og fleire andre byar og tettstader.

Rånere
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Eit forslag om forbod mot råning i tettbygde strok og skilting av Rånefri veg blir nå vurdert i Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet.

Initiativet kjem frå Sogndal, der Stein Bondevik i fjor haust starta ein folkeaksjon mot råkjøring og støy på riksvei 55 gjennom Sogndal sentrum.

Vil ramme fleire tettstader

I eit brev til samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) oppmodar han statsråden til å legge fram eit lovforslag som gjer det mogleg å forby råning på visse stader på kveldstid, om nettene og i helgene.

Notodden, Finnsnes, Årdal og Bø blir nemnt i brevet.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) seier til NTB at ho er kjent med brevet, men at ho ikkje oppfattar råning som noko stort problem.

- Vi har sendt brevet over til Vegdirektoratet til vurdering, men saka har ikkje kome så langt som til politisk behandling ennå, seier Navarsete.

God helsepolitikk

Stein Bondevik meiner lova kan bli god helsepolitikk, ungdomspolitikk og miljøpolitikk og vil gjera det meir attraktivt å bu sentralt på mindre plassar som Sogndal.

- Alt dette er god senterpartipolitikk, skriv Stein Bondevik i brevet til Samferdselsdepartementet.

Han viser til Norsk språkråds definisjon på råning som formålslaus kjøring med bil og peikar på at dette er eit problem også mange andre stader enn i Sogndal.

Forslaget om skilting av Rånefri veg tar utgangspunkt i liknande lover i enkelte statar i USA, blant anna i California.