Normal

Foreslår å kutte stillingar

Fylkesrådmann Evy-Anni Evensen foreslår å kutte 60 millionar kroner i fylkeskommunen innan 2020. Det skal gjerast ved å blant anna kutte 20 stillingar i administrasjonen.

Evy-Anni Evensen

FORESLÅR KUTT: Fylkesrådmann Evy-Anni Evensen kom i dag med fleire forslag til nedskjæringar i fylkeskommunen.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Nedbemanning er absolutt siste utveg. Men etter å ha snudd alle steinar ser me at det er nødvendig å kutte stillingar for å møte dei økonomiske utfordringane framover, seier fylkesrådmann Evy-Anni Evensen.

Evensen reknar med at det blir 15 til 20 personar færre i administrasjonen i løpet av dei neste fire åra, men håper å kunne ta desse kutta gjennom naturleg avgang.

Færre inntekter

Årsaka til kutta skuldast i hovudsak at det er færre elevar i dei vidaregåande skulane i fylket, og at staten har endra inntektssystemet. Det fører til kraftige kutt i inntektene til fylkeskommunen.

Samtidig aukar gjelda sterkt, blant anna gjennom bygginga av nye Skien vidaregåande skule på Klosterøya. Det er likevel ikkje i skuletilbodet pengane skal sparast inn.

– Det har vore eit mål å i minst mogleg grad ramme vidaregåande opplæring, seier Evensen.

Politisk bestilling

Forslaga som Evensen har lagt fram i dag er ei bestilling frå politikarane i fylket som skal brukast i budsjettprosessen.

- Det blir no spennande å ta tak i desse forslaga, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

Sven Tore Løkslid

KREVJANDE: Fylkesordførar Sven Tore Løkslid er budd på at det blir krevjande å ta tak i forslaga frå fylkesrådmannen.

Foto: Roald Marker / NRK

Løkslid er budd på at det kan bli krevjande å spare inn pengane som trengst, men han fryktar ikkje å ta upopulære avgjersler.

- Det å vere politikar er ikkje alltid nokon konkurranse i å vere populær, seier Løkslid.

Rådmannens forslag blir presentert for fylkestinget 19. oktober, men behandlinga av budsjett- og økonomiplanen i fylkestinget skjer fyrst 8. desember.