Førarprøven på nynorsk

Fagbokforlaget i samarbeid med Vinje kommune skal gje ut ei lærebok til førarprøven klasse B på nynorsk. I dag finst boka berre på bokmål. Kulturdepartementet har kåra Vinje til årets nynorskkommune, og ordførar Jon Rikard Kleven seier at kommunen vil bruke prispengane på 100.000 kroner på læreboka.

Jon Rikard Kleven, ordfører Vinje
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK