Det er miljøretta helsevern i Porsgrunn som har målt inneklimaet i klasserommet til 4B ved Grønli skole.
Klasserommet er sytti kvadratmeter og består av tre brakke-element som er sett opp som mellombels klasserom etter brannen i desember 2001.
Det er dårlig luftkvalitet ved Grønli skole.
Klasserommet har ikkje ventilasjonsanlegg, men rommet har tre mekaniske avtrekksvifter og tre små ventilluker på veggen.
Det miljøretta helsevernet målte ein konsentrasjon av karbondioksyd som var tre gonger over dei tillatte verdiane i eit klasserom.
Det er ikkje akseptabel luftkvalitet i eit klasserom, slår byveterinær Jan Egil Aronsen fast i eit brev til Grønli skole.
Pålagt å lufte
I måleperioden blei det lufta med tre opne vindauge i ein halv time mellom to skuletimar, men det var altså ikkje nok.
No pålegg byveterinæren at Grønli skole luftar klasseromma i brakkene med alle vindauga oppe i ti minuttar ein gong i timen - og med alle elevane ute. Skolen blir også pålagt å dokumentere dette på eigne lister.
Grønli skole blir også pålagt å betre reinhaldsrutinene og unngå ytterklede og sko inne i klasserommet.