Hopp til innhold

For dyrt å bygge Grenlandsbanen

Samferdselsdepartementet har fått ei anbefaling om å ikkje bygge Grenlandsbanen. På grunn av høge kostnader og lågt folketal vil den ikkje vere samfunnsøkonomisk lønnsam.

Sørlandsbanen

Det blir for dyrt å kople saman Sørlandsbanen og Vestfoldbanen og folketalet er for lite, meiner konsulentfirmaet som har vurdert Grenlandsbanen for Samferdsledepartementet.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Regjeringa satsar på jernbanen. Vi har auka løyvingane både til vedlikehald og investeringar. Samtidig ser vi på om det er mogleg å redusere reisetida ved å bygge nye strekningar. Nå har vi mottatt ein rapport om kvalitetssikring av utgreiinga om ei mogleg samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Nasjonal transportplan

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har fått ei anbefaling om å ikkje bygge Grenlandsbanen av eit konsulentfirma som har overlevert ein rapport til Samferdsledepartementet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er konsulentfirma Atkins og Oslo Economics som har gjort ei ekstern kvalitetssikring av konseptvalutgreiinga på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Grenlandsbanen kan binde fylka Agder, Telemark og Vestfold tettare saman, og redusere reisetida mellom Oslo og Kristiansand.

Vil redusere reisetida

Konseptet som kjem best ut i både utgreiinga og kvalitetssikringa er Midtre konsept 2, som svarar til ein enkeltsspora jernbane med ein dimensjonert fart på 160 km/t.

Ei slik utbygging vil redusere reisetida med tog mellom Oslo og Kristiansand med 1 time og 3 minutt. Kostnaden ved prosjektet er estimert til 22 milliardar kroner i kvalitetssikringa, som inneber ein kostnadsauke på 28 prosent samanlikna med KVUen.

Kostnadsforskjellen skuldast i hovudsak at kvalitetssikrar vurderer at dei kalkulerte kostnadene som meir usikre enn i KVUen, og at det er meir sannsynleg at kostnadene blir høgare enn at dei blir lågare enn det er rekna med.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 er det i siste seksårsperiode sett av 1,5 milliardar kroner til planlegging og oppstart av Grenlandsbanen.

Sven Tore Løkslid

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid trur det er politisk mobilisering som vil avgjere om det blir bygt ein Grenlandsbane.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Politisk mobilisering for Grenlandsbanen

Fylkesordførar i Telemark. Sven Tore Løkslid, seier han må sette seg inn i rapporten som Samferdsledepartementet har fått.

– Den rapporten er det nok blåruss som har utarbeida, og eg er sjølv blåruss. Men får å få vekst så må vi ha infrastruktur, og her stiller dei det spørsmålet heilt på hovudet, meiner eg.

Han meiner ein Grenlandsbane vil gje den veksten regionen har behov for. Og viser til at samfunnsøkonomisk nytte heller ikkje har vore nok når det gjeld satsing på E134 som stamveg.

– Her blir det politisk mobilisering saman med Vestfold, Sørlandet og Stavangerregionen, og eg trur Grenlandsbanen blir realisert, seier Løkslid.

Jon-Olav Strand

Leiar i Jernbaneforum Sør, Jon-Olav Strand seier Grenlandsbanen er viktig for Agderfylka, Vestfold og Telemark og Stavangerregionen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Overraska over konklusjonen

Leiar i Jernbaneforum Sør, Jon-Olav Strand seier han ikkje har lest rapporten eller pressemeldinga.

– Eg er veldig overraska over konklusjonen i forhold til det som blei presentert då KVUen kom. Der blei det peika på høg samfunnsnytte og stor positiv effekt.

Jernbaneforum Sør meiner ein Grenlandsbane vil binde Austlandet og Sørlandet saman.

– Vi ønskjer ikkje å gje opp prosjektet som vi har arbeidd med i så mange år. Det blir viktig å halde oppe trykket frå alle involverte fylke og kome med gode argument, og håpe at Stortinget tar ei avgjerd i vår favør.

KVU Grenlandsbanen illustrasjon tre korridorer

Her er Jernbaneverket sin illustrasjon til KVU om Grenlandsbanen.

Foto: Jernbaneverket / illustrasjon

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark