Folketalet i distrikta stuper fortare enn venta

Dei fylgde draumen og slo seg til på eit småbruk i utkanten. Men den store flyttestraumen går raskt motsett veg. – Eg er ikkje optimist når det gjeld framtida for distrikta, seier forskar.

Liv Sandvik Jakobsen og Thomas Sandvik Jakobsen på kjøkkenet

LIVET PÅ LANDET: Liv og Thomas Sandvik Jakobsen frå Porsgrunn flytta frå byen til bygda. Dei fleste gjer omvendt.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ekteparet Liv og Thomas Sandvik Jakobsen har aldri sett seg tilbake etter at dei flytta frå byen til den vesle kommunen Kviteseid i Telemark.

Statistikken viser at dei er i klart mindretal. Varsellampene har lenge blinka for folketalet i Distrikts-Noreg.

Denne veka blei det slått alarm i Nordland. Førre kvartal mista dei 8 innbyggjarar kvar einaste dag.

Men den same trenden gjeld over heile landet.

Forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking har sett på utviklinga.

– Det går raskare nedover i distriktskommunane enn ein har tidlegare har rekna med, seier Vareide.

I dei hundre minst sentrale kommunane har folketalet gått ned med tre prosent sidan 2009. Samtidig auka folketalet på landsbasis med 11 prosent i same periode. Rundt Oslo er auken endå kraftigare, over 17 prosent.

Føder for få barn på bygda

– Den viktigaste årsaka er at det blir fødd for få barn i dei små kommunane, seier Vareide.

Derfor har busetjing av flyktningar har vore viktig for å halde oppe folketalet i mange utkantkommunar. No har innvandringa til Noreg bremsa kraftig opp.

– Det kan forklare at kurvene stuper endå raskare enn forventa, seier Vareide.

Folketallsutvikling

Dei blå grafane som peikar oppover er dei mest sentrale kommunane, med Oslo-området på topp. Den raude er dei hundre minst sentrale kommunane.

Foto: Knut Vareide / Telemarksforsking

Mistar ikkje motet

Tapet av statlege arbeidsplassar er også ei medverkande årsak til nedgangen, seier Vareide. Dei unge flyttar mot byen der det er attraktive arbeidsplassar.

Knut Vareide, forskar på Telemarkforsking

- Det er fleire forklaringar, men dei viktigaste er låge fødselstal og sterk sentralisering, seier Vareide.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kviteseid er ein av mange usentrale kommunar som slit med fallande folketal. Det betyr færre kroner i kassa og færre barn i barnehagane.

– Det er trasig at det er slik, men me må ikkje grave oss ned, seier ordførar Bjørn Nordskog (Sp).

I Kviteseid prøvar dei å legge til rette så godt dei kan. Ordføraren peikar på store, sentrumsnære tomter med utsikt til vatnet. Han er stolt av ei stor IT-bedrift som stadig trekker til seg ny arbeidskraft.

Likevel har dei blitt 150 færre innbyggjarar dei siste ti åra. Og snittalderen aukar i den vesle kommunen.

– Me må ta innover oss realitetane. Men det er viktig å sjå på dei gode tinga som skjer, seier ordføraren.

Innflyttarar som Liv Sandvik Jakobsen er kjærkomne. Ho har skapt seg eit levebrød i Kviteseid som frilansjournalist og forfattar av tre populære bøker om strikkekofter.

Liv Sandvik Jakobsen

Liv angrar ikkje på at ho og ektemannen flytte frå Porsgrunn til Kviteseid i 2015. Ho synest det var skummelt.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Det er håp for nokon

Nettopp private arbeidsplassar kan ha noko å seie for utviklinga – sjølv om det er fødselstal og innvandring som betyr aller mest.

Regjeringa har i år sett ned eit utval som skal kartlegge kva privat næringsliv har å seie for levande lokalsamfunn. Dei skal vurdere moglegheiter og hindringar for å utvikle lønnsam næring i distrikta.

Forskar Knut Vareide i Telemarksforsking er blant dei sju som sit i utvalet. Han er ikkje optimist når det gjeld dei minst sentrale kommunane.

– Eg ser ikkje nokon veg ut av sentraliseringstrenden, seier han.

– Men nokre få kommunar kan klare det. Kanskje ti av dei kan klare å skape vekst.