Hopp til innhold

Folkemusikkveka i gang

Søndag starta folkemusikkveka i Ål i Hallingdal. I førarsetet sit ein heilt fersk festivalsjef og er spent.

Ingunn Stræte Lie
Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Ingunn Stræte Lie er leiar for Den Norske Folkemusikkveka som starta opp i søndag.

Ål og fleire andre bygder i Hallingdal skal, i vel ei veke, vere prega av folkemusikk i ulike genrar.

Og Stræte Lie er spent på korleis hennar fyrste festival som leiar vil fungere.

Lett kaos på kontoret

Ingunn Stræte Lie lovar stigning i programmet utover veka. Nasjonale og internasjonale artistar vil sørge for toppar gjennom heile festivalveka.

Det er lett kaos på kontorpulten til festivalleiaren, men slik skal det vere, ifylgje den unge dama.

- Eg kan ikkje ha det ryddig nå som me er i gang, ler Ingunn Stræte Lie, som medgir at det noe er jobbing døgnet rundt.

Dei gode hjelparane

Festivalsjefen er glad i musikk, spesielt folkemusikk. Men sjefen må ikkje være utøvar sjølv om Stræte Lie til fulle syner at ho kan "dra bælgen".

På heimebane er sjefen glad for dei gode hjelparane som tek seg av ungane medan mor er festivalleiar.

- Eg har ein snill mann som passar ungar, ein snill far som passar ungar og ei snill mor som passar ungar, ler ei takksam Ingunn.

Ål kulturhus
Foto: Gunnar Grimstveit / NRK