Folk vil bu sentralt, det gjeld ikkje berre dei som bur i storbyane, men òg for folk i distrikta.
Marit Ekne Ruud i Norsk institutt for by- og regionsforsking, NIBR, fortel at tendensen er at folk vil bu sentralt.
Det er tre viktige hovudpunkt som speler inn når folk vel stad å bu, desse er kvalitetar ved staden, kvalitetar ved bumiljø og bustaden.
– For barnefamiliar er det viktig med folk i same aldersgruppe nær seg, og nærleik til skule og barnehage. Medan for unge eldre i 60–70 åra er det viktig med sosial tryggleik. Vere nær vener og familie dersom det skulle skje noko, seier Ekne Ruud.
Ho legg til at for sistnemnde gruppe er det òg viktig med nærleik til helsetenester.
Fyresdal kommune er no i gong med å sjå på kva dei kan gjere for å få eit attraktivt sentrum.
- Les også:
Heim = Fyresdal
Tilflyttingsprosjektet i Fyresdal kommune, «Heim = Fyresdal», har leigd inn Feste Grenland AS, som er eit fagmiljø innan landskapsarkitektur i Noreg, til delprosjektet dei har om attraktive bumiljø.
No er dei i gong med å sjå på korleis dei kan nytte sentrumsområda i kommunen betre.
– Nyare forsking seier at folk i distrikta vil bu i sentrum, og me har vore litt treige til å svare på det ynskje, seier Monica Sølyst, prosjektleiar i «Heim = Fyresdal».
- Les også:
Folkestadbyen til hovudvegen
Gunn Marit Christenson og Tone Telnes frå Feste Grenland AS, var innom i Fyresdal og la fram skisser dei har utarbeide for «Heim = Fyresdal».
– De har den heilt spesielle Folkestadbyen, den kjensla ein får når ein er der, den må ein få ned til hovudvegen og inngangsportalane til sentrum, seier Christenson.
Ho viser til det gamle sentrumet i Fyresdal, der små hus står tett, med eigen hage og stakittgjerde rundt. Det er dette folk vil ha, seier ho.
Nokre av dei største endringsframlegga er å byggje hus der det i dag er parkering utanfor banken, slik at inngangsportalen til sentrum vert synleg frå hovudvegen. Sjå biletet under.
Det er òg kome framlegg om å forlengje hovudgata med nokre hus, so han strekk seg forbi vegen til Spar.
- Les også:
På kommunens rekning
Ordføraren i Fyresdal, Erik Skjervagen fortel at han syns det er eit spanande prosjekt og at ein treng å få til utvikling i Fyresdal. Under ordskiftet tok ordføraren opp at han rekna med at kommunen måtte vere ein stor bidragsytar.
– Har kommunen råd til det?
– Spørsmålet er vel om me har råd til å la vere, det kan verte naudsynt å bidra økonomisk om me skal få musklar til å gjere slike ting.