Folk tok søndagsturen tilbake

Hundre barn, foreldre og besteforeldre trassa vær og Holmenkollrenn på fjernsynet, for å fylgje oppmodinga frå Telemark Turistforening om å ta søndagsturen tilbake. Berre i Telemark samla dagen fleire tusen turgåarar, oppsummerar Jon Atle Holmberg i Telemark Turistforening.

Elin Folseraas

Elin Folseraas med Jone Tobias etter 21 hårnålsvingar!

Foto: Jon Atle Holmberg / Privat

Arrangementet på Gvepseborg i Tinn i dag var eit av 11 offisielle arrangement på det som etter kvart har blitt ein tradisjon: Kom deg ut dag den fyrste helga i februar, og eit tilsvarande arrangement den fyrste helga i september.

Arrangementet på Gvepseborg står i ein stolt historisk tradisjon.

– Krossobanen blei i si tid bygd nettopp for at folk skulle få kome seg ut på tur, seier Jon Atle Holberg om arrangementet på Gvepseborg, der folk kunne boltre seg i ein 4000 meter lang akebakke og ikkje mindre enn 21 hårnålsvingar.

Bygdekvinnelaget og Krossobanen støtte opp om arrangøren Rjukan Turlag.

Kom deg ut dagen

Hundre turgåarar tok turen til Gvepseborg på Kom deg ut dagen i Tinn.

Foto: Jon Atle Holmberg / Privat